Programmet er no klart for<br/>Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2008

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Målet vårt har vore å kunne presentere eit så bredt og innhaldsrikt program som mogleg, seier gutane. Dei ynskjer at folk skal sjå film frå morgon til kveld og vere underhaldt til ei kvar tid.


- Det blir lyspunkt for alle, lover dei, og understrekar at dei har vore svært kvalitetsbevisste i jakten på gode dokumentarfilmar.  

Dokfilm4

 

Tantrisk sex
Opningsfilmen i år er Three Miles North of Molkom. I denne filmen blir vi tatt med på ei reise djupt inn i svenske skogar. Her finn vi ei leikegrind for vaksne der kjendisar, hippiar og backpackarar møtast i ein myriade av sjamanisme, tantrisk sex og andre psykologiske og hemmelege eksperiment.

 

- Dette er ein produksjon med høg filmatisk kvalitet og stor underhaldningsverdi, fortel Bremnes.


- Filmen har fantastiske karakterar, og han er eit prov på dokumentarfilmen sitt potensiale til å skilde menneskelege forhold.

Noregspremiere
Filmen Gaupejeger har Noregspremiere under festivalen. Filmen tek for seg den norske gaupejegertradisjonen og fylgjer jaktleiar Halvor Sveen og miljøet rundt han i Rendalen i to veker fram mot den store jaktdagen 1.februar.

Dei norske filmane Glemt, Gender me, Problembarna, Lykkens grøde og A Beautiful Tragedy er blant dei nominerte til å vinne prisen for Beste dokumentarfilm. Festivalen kan òg by på utanlandske prisvinnarar som Garbage Warrior og Full Metal Village som har fått mykje internasjonal publisitet.  

Gode studentproduksjonar
Også studentproduksjonane viser god kvalitet og høg profesjonalitet.

 

- Dei er svært varierte med mykje spennande på innhaldssida, fortel dei programansvarlege.  

I tillegg til filmvisningane blir det fleire konsertar, debatt, pitcheforum, stand-up, folkefest og mykje meir! Komplett program for dagane under festivalen og synopsis for filmane ligg på www.dokfilm.no.

Den Norske Dokumentarfilmfestivalen 2008 er i Volda frå 29.april – 4.mai. Festivalen blir offisielt opna onsdag 30.april kl 1900 av HKH Kronprins Haakon Magnus.

Dokfilm3
HKH Kronprins Haakon Magnus                                (Foto: Kongehuset.no)

For meir informasjon:
Leiar Åge Andre Breivik, mobil: 40 48 46 36.
Informasjonsansvarleg Ingrid Sunde, mobil: 99 50 13 19.

Les meir om arrangementet: www.dokfilm.no

 

Del på