Regional utvikling, lokal omstilling

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Tid: Måndag 16.2 kl. 0915-1100

Stad: Aasen-aud.


Jens Chr. Hansen er professor i geografi ved UiB og ein av dei fremste regionalforskarane i Noreg. I ei årrekkje har han forska på endringar i demografi og næringsliv i norske regionar og lokalsamfunn.

Med dette utgangspunktet vil han i denne førelesinga skissere den regionale utviklinga i eit breitt perspektiv og diskutere lokale omstillingsproblem. Han kjem også inn på spørsmaålet om kommunestruktur og forholdet mellom kommune og lokale omstillingsaktørar. Dette er problemstillingar som i høgste grad er aktuelle etter dei mange avisoppslaga denne vinteren om flytting og aukande regional ubalanse.

-Institutt for kommunalfag
HVO

Del på