Røykfri høgskule

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

RØYKFRI HØGSKULE

Styret for Høgskulen i Volda hadde saka på dagsordenen i møte 29. april 1998, sak 30/98, og gjorde slikt samrøystes vedtak:

«1 Styret for Høgskulen i Volda viser til arbeidsmiljøutvalet sitt vedtak i møte 26. mars
1998, sak AMU-S 05/98, og vedtek, med heimel i Lov om vern mot tobakkskader av
9. mars 1973 nr. 14, § 6 og Lov om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. («Arbeidsmiljølova») av 4. februar 1977 nr. 4, at alle lokale høgskulen eig eller disponerer skal vere røykfrie.

2 Styret legg følgjande premiss til grunn:

· HVO skal ikkje ha eigne røykerom i tilknyting til høgskulen sine lokale, utifrå at dette medfører krav til lufteanlegg og bygningsteknisk kvalitet som ein vanskeleg kan imøtekome, verken økonomisk eller praktisk sett.
· Det er ikkje høve til å røyke verken i rom der ålmenta har tilgjenge, dvs. møterom,
kantiner, hovudinngangane, trapper, korridorar, heisar, toalett, vestibyler eller på enkeltkontor, jf. Statens personalhandbok, punkt 1.01.02.

3 Vedtaket gjeld med verknad frå 1. august 1998.»




Med helsing



Jan Driveklepp
høgskuledirektør

Del på