Røykfri høgskule

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Styret for Høgskulen i Volda hadde saka på dagsordenen i møte 29. april 1998, sak 30/98, og gjorde slikt samrøystes vedtak:


«1 Styret for Høgskulen i Volda viser til arbeidsmiljøutvalet sitt vedtak i møte 26. mars 1998, sak AMU-S 05/98, og vedtek, med heimel i Lov om vern mot tobakkskader av 9. mars 1973 nr. 14, § 6 og Lov om arbeidervern og arbeidsmiljø m.v. («Arbeidsmiljølova») av 4. februar 1977 nr. 4, at alle lokale høgskulen eig eller disponerer skal vere røykfrie.

Styret legg følgjande premiss til grunn:

· HVO skal ikkje ha eigne røykerom i tilknyting til høgskulen sine lokale, utifrå at dette medfører krav til lufteanlegg og bygningsteknisk kvalitet som ein vanskeleg kan imøtekome, verken økonomisk eller praktisk sett.

· Det er ikkje høve til å røyke verken i rom der ålmenta har tilgjenge, dvs. møterom, kantiner, hovudinngangane, trapper, korridorar, heisar, toalett, vestibyler eller på enkeltkontor, jf. Statens personalhandbok, punkt 1.01.02.

3.Vedtaket gjeld med verknad frå 1. august 1998.

Med helsing

Jan Driveklepp
høgskuledirektør

Del på