SAMANSLÅING AV HØGSKULANE I FYLKET?
Rektor Gunnar Stave ved Høgskulen i Volda seier til Sunnmørsposten at det no er på tide å diskutere om høgskulane i fylket bør slåast saman til Møreuniversitetet.
Nytenking og endring
Konkurranse om studentar og kamp om ressursar presser fram tanken om å tenkje nytt og endre strukturane for høgskulane, seier Stave til Sunnmørsposten. Høgskulane i fylket har allereie vurdert eit samarbeid under slagordet Møreuniversitetet.
Eit offentleg utval vurderer strukturen i høgare utdanning samstundes som høgskulane posisjonerer seg for å verte universitet.
Les artikkelen til Sunnmørsposten: http://www.smp.no/cgi-bin/artikkel?artID=8325
Trude K. Dalen
Informasjonskontoret