Samarbeid om pasientinformasjon
Høgskulen i Volda og Volda sjukehus går saman om å byggje opp eit kompetansesenter for informasjon til pasientar og pårørande for alle sjukehusa i Helse Midt Norge.
Helse Midt Norge har løyvt kr. 800 000,- til prosjektet som med dette har fått ein skikkeleg start.
- Prosjektet er eineståande i nasjonal samanheng, seier høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Høgskuledirektør Jacob Kjøde jr.
Høgskulen sin kompetanse avgjerande
Sjukehusdirektør Egil Nordahl Volda sjukehus, seier til avisa Møre at det er høgskulen sin kompetanse innanfor media, pedagogikk og samfunnsfag som var ein avgjerande føresetnad for at prosjektet vart lagt til Volda.