Samfunnshuset bli studenthus?
<B>Arbeidsgruppa for nytt studenthus i Volda</B> går no inn for at samfunnshuset i Volda bør bli nytt studenthus. - Går alt etter planen kan huset vere klart for studentane om 2 år, seier høgskuledirektør Jan Driveklepp.
Arbeidsgruppa for nytt studenthus i Volda med medlemmer frå høgskulen, studentsamskipnaden, Volda kommune og Studenttinget i Volda vart skipa hausten 2000.
Arbeidsgruppa har i perioden vurdert fleire alternativ, men har altså no kome til at samfunnshuset kan vere ei teneleg løysing.
Samfunnshuset i Volda
Sambruk
Arbeidsgruppa ser føre seg at huset framleis skal tene som kino for Volda. Eit påbygg på 600 kvadratmeter vil gje rom for nye funksjonar som studentkro, studentkontor m. m.
Innstillinga vil no bli sendt over til dei involverte partane for vidare handsaming.