Satsing på naturfag
Naturfag har i dag høg politisk prioritet, og det er eit stort behov for lærarar med naturfagkompetanse i skulen. Det er framleis ledige studieplassar på årsstudium og halvårsstudium i naturfag.
Innsikt i naturvitskapane er grunnleggande for å forstå verda vi lev i. Høgskulen satsar på kompetanseheving innan fagfeltet, og kan tilby halvårsstudium, årsstudium, fordjupingsstudium og vidareutdanning. Studium i naturfag bygger på rammeplan for allmennlærarutdanning og er innretta mot undervisning i naturfag i skulen.
Naturfag i ulike samanhengar
Naturfag er sett saman av ulike vitskapsområde som biologi, fysikk, kjemi, astronomi, geologi og andre emne. Målet er å gi studentane eit fagleg og didaktisk grunnlag for å undervise i desse emna på ulike nivå og i ulike samanhangar. For å kunne vidareformidle naturfaglege tema er det viktig med omgrepsmessig forståing, praktisk erfaring og grunnleggjande matematiske ferdigheiter, slik at ein sjølv kan finne verdiar og sjekke påstandar frå andre. Naturfagformidling er meir enn å berre gjenfortelje det ein finn i bøker. Den skal og fremje naturvitskapelege metodar og tenkjemåte, kreativitet og kritisk evne er derfor sentrale mål for undervisninga.
Her er deltakarane på vidareutdanning i naturfag i ivrig samtale med kvarandre. (Foto: Erik Fooladi)
Praktisk vinkling
Institutt for realfag har ei praktisk vinkling på undervisninga, for å gjere stoffet meir inspirerande og forståeleg for studentane.
- Det viser seg ofte at naturfagundervisninga er meir teoretisk enn den treng å vere. Undersøkingar viser at lærarar med høg naturfagleg kompetane har ein større andel praktisk undervisning, og det har truleg ein samanheng med tryggleik og kunnskap til å undervise utanom læreboka, seier høgskulelektor Erik Fooladi.
200 lærarar frå grunnskulane på Sunnmøre er allereie i gong med etter – og vidareutdanning, med eit ønske om å gjere naturfag meir synleg i skulen.
- I samband med den nye læreplanen (Kunnskapsløftet) har fokuset på realfag vore sterkt. Det vart først satsa på matematikk og no er det naturfag som står for tur. Det er på høg tid at lærarane får sjansen til å fordjupe seg meir i naturfag og at det blir lagt godt til rette for at dei faktisk kan bruke tid på det, seier Fooladi.
Ledige studieplassar: Grunnskulens naturfag, Halvårsstudium i Naturfag 1, Halvårsstudium i Naturfag 2
Du kan søkje studieplass her.
Les meir om vidareutdanningsprogrammet ”Naturfag med mål og meining”.