SEMESTEROPNING 2002

Rektor Gunnar Stave sin opningstale ved semesteropninga 2002.

OPNINGSTALE

Innleiing

Kjære studentar, gjestar og kollegaer, velkomne til opninga av studieåret 2002-2003!

Den høgtidelege opninga av studieåret er ein gamal tradisjon ved dei høgre utdanningsinstitusjonane. Seremoniane var tidlegare utforma for å framheve det eksklusive, noko dei få var utvalde til, og det finst mange ritual som gav studentane ei kjensle av å vere innlemma i eit eksklusivt fellesskap, heva over den grå kvardagen. Ein av dei mest kjende studentane i norsk litteratur, Daniel Braut i Garborgs Bondestudentar, opplevde dette eksklusive så sterkt i sitt første møte med den akademiske opningsseremonien at han kjende seg som ubeden mann i gjestebod. Han var fullstendig framand overfor denne kulturen. Han måtte stive seg kraftig opp og seie til seg sjølv: du har rett til å vere med for no er også du student. Og då kunne han kjenne at «godt var det å ha berga seg frå åndløysa og råskapen der ute og inn i desse reine, rolege haller mellom ideens presteskap. Og så song dei «Hellig, hellig, hellig er studentens kall! … og Daniel song i sitt hjarte med», skriv Garborg. Mi hypotese er at kallsmedvitet med åra har blitt skifta ut med eit yrkesmedvit, der interessa for framtidig jobb og lønsforhold er vel så motiverande som gleda over samværet med ideens presteskap og den reine lengselen etter ny erkjenning. Og i den politiske debatten er det utdanning som produksjonsfaktor som er i søkjelyset. Alle partia er opptatt av skule og utdanning og alle legge til grunn forteljinga om kunnskapsamfunnet. Det som karakteriserer kunnskapssamfunnet er at kompetanse er den viktigaste produksjonsfaktoren. På det nasjonale planet er politikarar og næringslivet bekymra for korleis vi skal greie å møte utfordringane kunnskapssamfunnet stiller oss overfor. Det dreier seg om ikkje noko mindre enn nasjonens evne til å overleve. Noreg er aktør i ei verd der kunnskap og produksjon av kunnskap er viktigaste konkurranse- og dermed overlevingsfaktor. Greier vi ikkje å henge med her, vil vi tape vår posisjon som eit av dei fremste velferdssamfunna i verda. Dette kan vi lese i alle dei utgreiingar og meldingar som vi har fått om høgre utdanning i det siste. Og dette er ei viktig side ved høgre utdanning i det moderne samfunnet. Høgre utdanning spelar ei anna rolle i dag enn på Garborgs tid. Men, dermed er ikkje alt sagt. Kva handlar det om for oss som sit her med eit nytt kull studentar, som brukar eit og fleire av dei viktigaste åra i sitt liv på å ta utdanning ved Høgskulen i Volda?

Jau, ”Det hainnle om å leve”. Det er min påstand, og det skal vi alle synge frå hjerte og med overtyding når denne opningsmarkeringa er over. Slike perspektiv er det over denne dagen for både studentane og for oss som arbeider ved Høgskulen i Volda. Det gjer meg audmjuk overfor den oppgåva vi har, og eg vil seie til oss alle: denne oppgåva kan vi ikkje tenke stort nok om.

opning02
Årets fadderar vert presenterte under opninga tysdag 20. august.


Velkomne til studiestaden Volda
Til nye og gamle studentar vil eg derfor seie velkomne til eit nytt studieår i Volda.

Helsing til utanlandske studentar.
This year we have students from several foreign countries. As far as I am informed we have students from Afganistan, Azaerbajan, Bosnia-Hercegovina, Bulgaria, Denmark, Estland, Ethipoa, Germany, Ghana, Iran, Kina, Latvia, Lithuania, Madagaskar, Marocco, Peru, Poland, Pakistan, Romania, Russia, Senegal, Slovakia, Sri Lanka, Sweden, Tanzania, Ukraina, United States, Zambia. This students have come from very different places and from different backgrounds to Volda to take some kind of education at our College. We want you to know that we appreciate that you are here , and we hope you will discover that Volda is a place where you can be happy and a have good conditions for purposes of study. We welcome all our foreing students and hope you will feel at home here.

Du som er ny student ved Høgskulen i Volda sit sannsynlegvis med mange spørsmål om kva slag studiestad dette er, og korleis det vil bli å leve og studere her dette året. Du skal få nokre oppmuntrande synspunkt på det som kan skape gode vibrasjonar no ved studiestart, subjektive naturlegvis og farga av min posisjon og mine ønske om kva du vil svare når dette året er omme, men også bygt på erfaringskunnskap av ulike slag.

Du kjem til ein studiestad med mange gode kvalitetar. Dette er ein påstand som fort kan plasserast som ei programerklæring når den kjem frå meg. Men den kan kvalifiserast ved å bruke meir uhilda kjelder. Eg møter ofte tidlegare studentar som med stor entusiasme fortel om tida i Volda, og kor godt dei likte seg. Dei ser med glede tilbake på åra ved Høgskulen i Volda. For noko sida møtte eg ein kollega frå ein annan høgskule på Austlandet. Vi hadde mykje å snakke om, men før alt anna var det maktpåliggande for han å få overbringe ei helsing frå sonen sin, som hadde vore i Volda og som absolutt måtte få gi den helsinga tilbake til oss at han hadde hatt eit uforgløymeleg år som student her og trivselsfaktoren var høg. Og han hadde lært noko også.

I fjor haust kom studentar frå eit kull som gjekk ut av det sosialpedagogiske studiet ved Distriktshøgskulen i 1979, for å minnast sine to studieår i Volda. (Dette var mine første studentar i Volda.) Deira livskarriere hadde tatt svært ulike retningar, frå feltarbeid blant narkomane til direktørstolen i eit av dei største selskapa i Noreg. Men ein ting hadde dei felles, to år i Volda som hadde fått avgjerande betydning for tenkemåtar og livsorientering. ”Det hainnle om å leve”. Studieåra i Volda skapte ein identifikasjon med høgskulen og studiestaden som dei stadig kjem tilbake til, og som dei snakkar om når eg møter dei att i ulike samanhengar.

Volda har eit studiemiljø blant dei aller beste i landet, slik vurderer studentane det sjølve skal vi tru resultata frå den årlege studentundersøkinga. For tredje året på rad blei det i vår offentleggjort ei undersøking av kor tilfredse studentane er med studietilbod og lærestad. Undersøking blir utført på initiativ av fire av dei største avisene i landet, og blir publisert i eit eige bilag til avisene under tittelen ”Den store studentguiden”. Undersøkinga er ei nasjonal karakterbok for høgre utdanning, står det i bilaget, og det er studentane som er sensorar. Karakterboka blir offentleggjort på den tida ungdom gjer sine studieval for komande studieår. Det kan diskuterast kor påliteleg undersøkinga er, og vi veit ikkje kor sterkt ei slik undersøking påverkar val av studiestad, men det er ingen tvil om at institusjonane ser fram mot undersøkinga med spenning, og brukar materialet for det det er verd, og det gjer også eg, no når eg seiar at både vitnemål frå tidlegare studentar og studentundersøkinga viser at du har eit år framfor deg som du bør ha forventningar til. OK, det er ein risiko for at du blir skuffa, men ta den sjansen og kast deg ut i studentlivet med forventning og engasjement. Det vil uansett vere ein god resept for å lukkast og for at du når dine mål for dette året.

Kvalitet og konkurranse
Studentundersøkinga er eit uttrykk for ei sterkare offentleg interesse for kvaliteten i høgre utdanning, som inneber at institusjonane må finne seg i å bli vurdert av andre og rangert på ulike dimensjonar. Her vil private aktørar gjere seg gjeldande slik vi ser i studentundersøkinga, som dei fire største avisene står bak. Men her vil også utviklinga blir forsterka ved at det no blir oppretta eit nytt offentleg organ for kvalitetssikring. Det nye organet vil vere i arbeid frå 1. januar 2003, og skal få omfattande oppgåver når det gjeld godkjenning og kvalitetssikring både av institusjonar og utdanningar. I forskriftene for organet, står det mellom anna at alle offentlege og private institusjonar som gir godkjend høgre utdanning, skal evaluerast kvart sjette år.

For institusjonane har den offentlege interessa for kvalitet skapt eit stadig sterkare trykk for å arbeide med kvalitetsspørsmål.
Når søkjelyset blir retta mot kvaliteten i høgre utdanning, blir det også debatt om kva som skaper god kvalitet. Det er bra, for det finst ikkje eitt enkelt svar på dette spørsmålet, og det handlar i alle fall ikkje berre om å opprette system og nye organ.

Kvalitetsreforma
Norske universitet og høgskular står i dag midt oppe i ei stor reform som har fått det ambisiøse namnet ”Kvalitetsreforma”. Målet er at Noreg skal bli ein leiande kunnskapsnasjon med institusjonar på høgt internasjonalt nivå. Hovudelementa i reforma skal vere på plass hausten 2003. Men det er i dei komande åra at reforma blir sett på prøve. Universitet og høgskular har stilt seg positive til reforma, men samtidig understreka at dette også krev at politikarane må følgje opp reformarbeidet med dei ressursane som er nødvendig. Universitets- og høgskulerådet har kalkulert kostnadane med reforma til 1, 1 milliardar i første fase, og fleirtalet i Stortinget var samde i desse vurderingane. Kvalitetsreforma er avhengig av både institusjonane si evne til omstilling, og politikarane sin vilje til å satse. Utan nødvendig ressursar kan resultatet av reforma bli det stikk motsette av målsettinga, nemleg kvalitetssenking.

Då statsråd Trond Giske la fram stortingsmeldinga om Kvalitetsreforma var hans bodskap til sektoren at universitet og høgskular vil oppleve sterkare endringar dei neste 5-10 åra enn de siste 50. Det synest generelt å vere tida sin melodi: ingenting blir som før. Det er mange som vil skrive under på denne påstanden i dag. Til og med vêret underbyggjer mistanken om at ikkje alt blir som før. Vi får ofte denne opplevinga av at vi står ved eit vendepunkt på ein eller annan måte. Endring og omstilling står på programmet på alle felt. Det å ta steget over frå vidaregåande skule til høgre utdanning er eit personleg vendepunkt. Du går frå det kjende og trygge og skal finne ein veg vidare i eit nytt, uoversiktleg, spennande og kanskje litt trugande landsskap. Ved slike vendepunkt kan tradisjonar skape tryggleik. Høgskulen i Volda er ein høgskule med lange og gode tradisjonar når det gjeld profesjonsutdanning. Lærarutdanninga er over hundre år, og Distriktshøgskulen har gitt vel innarbeidde utdanningar sidan byrjinga av 1970-åra.

Tradisjonen er viktig for oss, men som høgskule må vi også vere orientert mot framtida. Kunnskapssamfunnet stiller oss overfor nye utfordringar, og studentane er ikkje slik dei var. Høgskulen i Volda har tatt desse signala på alvor og gjort det til ei hovudmålsetting å vere ein utviklingsorientert institusjon, som driv utdanning, forsking og formidling med høg kvalitet. På den måten vil vi arbeide for å sameine eit solid teoretisk nivå med yrkesretta og praksisnær utdanning. Slik vil vi skape eit godt læringsmiljø der både tilsette og studentar er opptekne av å skaffe seg og utvikle ny kunnskap, lære av eigne erfaringar og betre kompetansen sin.
I dagens situasjon, med konkurranse om studentane og sterk tendens til sentralisering, vil satsing på kvalitet vere heilt avgjerande for ein institusjon som ligg utanfor dei sentrale strok av landet, og eg tolkar det som eit positivt teikn for Høgskulen i Volda når vi i år kan registrere eit av dei største opptaka i høgskulen si historie. Vi har arbeidd målmedvete med Kvalitetsreforma. Dei viktigaste elementa er på plass alt frå hausten 2002, og resten blir innført hausten 2003. Du som student vil stadig støyte på kvalitetsreforma, og bli mint om at noko er i ferd med å skje. Etterkvart vil du sjå at det det handlar om er å skape eit best mogleg læringsmiljø for studentane, og du vil sjå at den målsettinga berre kan realiserast i eit samarbeid mellom studentar og tilsette. Utdanning er ikkje noko som kjem ferdigpakka, og som berre skal monterast etter ei vedlagt bruksanvising. Utdanninga må utviklast i samspel med studentane, og det er i samspel med studentane det kan bli ei god utdanning. Arbeidet med kvalitet må vere ein vedvarande prosess. Eg reknar med at de har forventningar til oss, og vi har forventningar om at de blir aktive og deltakande studentar, som vil bidra til å skape eit godt, inkluderande og engasjert studiemiljø.

Lukke til med eit utfordrande og viktig studieår!

Del på: