Seminar om nynorsk offentlegheit

Onsdag 26. november vil professorane Idar Stegane, Rune Slagstad og Stephen Walton m. a. sjå nærare på framveksten av nynorsk skrift som daningsprosjekt. På eit ope kveldsmøte vil professor Sverre Fehn presentere planane for Ivar Aasen-tunet.

Internt seminar for studentar og tilsette ved HVO
Onsdag 26. november kl. 9.15 - 12.00. Rom: Aasen 108

Professor Idar Stegane: Framveksten av nynorsk skrift som daningsprosjekt
Professor Rune Slagstad: Språket som folkets hus
Professor Stephen Walton: kommentator


Ope kveldsmøte
Kl. 18.00 - 20.00. Rom Gamle festsal i Kaarstad-huset (gamle festsal)

Professor Sverre Fehn: Ivar Aasen-tunet: ein presentasjon
Professor Asbjørn Aarnes: Volda - Paris tur-retur


Samarbeidsprosjekt
Arrangementa er eit samarbeidsprosjekt mellom Avdeling for humanistiske fag, Avdeling for samfunnsfag og Ivar Aasen-instituttet, og er m. a. ei markering av at Idar Stegane no sluttar som professor II ved AHF.

Møte
Ivar Aasen-stiftinga skal ha styremøte 26. november. Referansegruppa for Ivar Aasen-instituttet skal møte styret for HVO på Sæbø torsdag 27. november.

Del på: