Seminar om nynorsk offentlegheit
På onsdag 26. november vil professorane Idar Stegane, Rune Slagstad og Stephen Walton m. a. sjå nærare på framveksten av nynorsk skrift som daningsprosjekt. Professor Sverre Fehn presenterer planane for Ivar Aasen-tunet.
Internt seminar for studentar og tilsette ved HVO
Onsdag 26. november kl. 9.15 - 12.00. Rom: Aasen 108
Professor Idar Stegane: Framveksten av nynorsk skrift som daningsprosjekt
Professor Rune Slagstad: Språket som folkets hus
Professor Stephen Walton: kommentator
Ope kveldsmøte
Kl. 18.00 - 20.00. Rom Gamle festsal i Kaarstad-huset (gamle festsal)
Professor Sverre Fehn: Ivar Aasen-tunet: ein presentasjon
Professor Asbjørn Aarnes: Volda - Paris tur-retur
Samarbeidsprosjekt
Arrangementa er eit samarbeidsprosjekt mellom Avdeling for humanistiske fag, Avdeling for samfunnsfag og Ivar Aasen-instituttet, og er m. a. ei markering av at Idar Stegane no sluttar som professor II ved AHF.