Seminar om Stjernø-utvalet si innstilling

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

- Høgskule- og universitetssektoren skal levere sine høyringar til Stjernø-rapporten før 1. mai.
- Også her ved Høgskulen i Volda har vi ein høyringsprosess, der vi inviterer alle avdelingar og arbeidslivsorganisasjonane til å kome med si meining, seier rektor Jørgen Amdam ved Høgskulen i Volda.
- Dette vil mellom anna verte ei sak på styremøtet til Høgskulestyret 24. april.

- I etterkant av seminaret vil rektorane frå Høgskulen i Sogn og Fjordane, Høgskulen i Volda, Høgskolen i Ålesund og Høgskolen i Molde møtest saman med rektor Grønmo og dekanar ved Høgskulen i Volda for å diskutere saka vidare.

Strukturar, arbeidsdeling, samarbeid og strategiar på Vestlandet
- Måndag held vi eit ope seminar der rektor Sigmund Grønmo frå Universitetet i Bergen vil halde ei innleiing om strukturar, arbeidsdeling, samarbeid og strategiar som vi på Vestlandet må ta stilling til i denne samanhengen.

”Sett under eitt – ny struktur i høgre utdanning”
Utvalet for høgre utdanning leverte den 22. Januar sin NOU utredning ”Sett under eitt – ny struktur i høgre utdanning” til forskings- og høgre utdanningsminister Tora Aasland. Utvalet foreslår store endringar, mellom anna at universitet og høgskular skal slåast saman til 8-10 landsdelsuniversitet. Ein del små studiestadar vert vurdert nedlagt.
Utvalet for høgre utdanning vart oppnemnt av regjeringa mai 2006 og har hatt som mandat å vurdere den vidare utviklinga av norsk høgre utdanning i lys av samfunnet sine behov. Utvalet har sett eit tidsperspektiv på 10 til 20 år.

Les meir på regjeringen.no

Del på