Skrift nr. 3 frå Ivar Aasen-instituttet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

I serien Skrifter frå Ivar Aasen-instituttet kjem i desse dagar ei ny utgåve av Ivar Aasen: Norsk Navnebog (1878).

Ivar Aasen var svært oppteken av namneskikkane våre. I tidsskriftet Folkevennen skreiv han «Om norske Folkenavne» i 1854 og let året etter prente eit «Register over norske Folkenavne».

I åra framover tok Aasen fram att personnamnmaterialet med jamne mellomrom, men det var først etter at Norsk Ordbog var utkomen (1873) at han kunne samle seg om personnamna. Norsk Navnebog, den første norske namneboka, kom i 1878.

I 1911–12 redigerte Knut Liestøl Ivar Aasens Skrifter i Samling (I–III). Der fekk namneboka plass i band III, og boka kom også som frittståande publikasjon (Kra. og Kbh. 1912). Denne boka, som har latinsk skrift, er i dag berre å få antikvarisk.

I 1980 gav Børsums Forlag og Antikvariat A/S ut ei faksimileutgåve av 1878-utgåva (med føreord og kommentarar av Per Nordseth). Ulempa med denne utgåva er at ho er i småstilt fraktur, som mange i dag ikkje les.

Den nye utgåva av namneboka kjem i moderne typografisk utstyr og vert om lag 170 sider. Boka er redigert av førsteamanuensis Kristoffer Kruken, Universitetet i Oslo, og førsteamanuensis Terje Aarset, Høgskulen i Volda.

Kruken har skrive ei faghistorisk innleiing til namneboka. Rettingane til førsteutgåva er innarbeidde i den nye utgåva. I tillegg er andre misprentingar og ein del inkonsekvensar (særleg i teiknsetjinga) retta opp, men alle slike rettingar og justeringar er det gjort greie for.

I Norsk Navnebog er namna sette opp i tre register: «Norske Navne», «Navne fra de nærmeste Lande» og «Navne fra Sydlandene og Østerlandene». Dette har gjort namneboka noko vanskeleg å bruke som oppslagsbok. For å bøte på dette er det utarbeidd eit omfattande register på om lag 3500 namn og namneformer. Her er det også funne plass til namn, namneledd og namneformer som er omtala utanom dei tre registra, i kapitla «Om vort Forraad af norske Navne», «Om Navnenes Form eller Dannelse», «Om de norske Navnes Betydning» (bolk I) og «Om Navneskikken i det hele» (bolk IV).

Ivar Aasens Norsk Navnebog kjem i eit opplag på 500 (200 hefta og 300 innbundne). Prisen på boka er kr 150 (hf.) og kr 200 (ib.). I tillegg kjem sende- kostnader.

Del på