Søkjarar vurderer HVO-veven

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Tida er inne for å gjere eit val, slår elevane fast. Dei er avgongselevar frå Volda vg. skule og fyrstegongssøkjarar til høgre utdanning.
- Vi nyttar verdsveven svært mykje. Det er kanskje den viktigaste reiskapen for å orientere seg og søkje til høgre utdanning, seier dei.
Det viser deg at over halvparten av studentane som kjem til Høgskulen i Volda har nytta vevsidene. Gode vevsider vert då avgjerande for dei som søkjer etter informasjon.

brukarundersok1
Frå venstre: Therese Engeseth, Marte Ose Østgaard, Rune Bjerkvik og Kristoffer L. Myklebust er avgongsevelar frå vidaregåande og fyrstegongssøkjarar til høgre utdanning. Dei er prøver den nye vevprototypen ved Høgskulen i Volda.

- Faginformasjon er viktigast, slår testpanelet frå den vidaregåande skulen fast. Attenåringane representerer årets Voldaruss. I tillegg til fagleg stoff vil dei finne informasjon om det sosiale miljøet og alle studentaktivitetane.
- Dersom eg vel studiestaden Volda er det lett å finna seg ein deltidsjobb, samstundes som det er billeg å bu her, seier Kristoffer L. Myklebust. Han vurderer å ta Ex. Phil i Volda, og legg til at det opnar for mange alternativ for vidare utdanning.
Marthe Ose Østgaard har lyst til å studere kroppsøving i Volda. – Eg likar kroppsøving, seier Marthe. Etterpå kan eg kanskje finna noko innan IT eller data, men sidan eg ikkje har bestemt meg enno, vel eg berre eit fritt fag medan eg finn ut kva eg vil verte, smiler ho.
- Fagtilboda er viktig når ein vel studiestad, seier Rune Bjerkvik. Det er viktig at vevsidene til høgskulen speglar kvaliteten ved Høgskulen i Volda. Søkjarar er ute etter å finna ein studiestad med eit godt rykte. Dette bør kome fram på heimesidene, meinar han.

Omfattande vevarbeid
I alt er femtifem tilsette ved høgskulen no tilknytte det nettbaserte verktyet for veven. Desse har sila gamal informasjon, lagt den ut på nettet og rydda dei nye vevsidene for sine avdelingar og kontor. Arbeidet er svært viktig både for målgruppene og dei tilsette som redigerer stoffet. Silinga og ryddinga på veven gir innhaldet god fokus, og mottakarane betre lesestoff. Arbeidet med veven er ein pågåande prosess der høgskulen heile tida vurderer kva mottakarane treng.

Den overordna strukturen og oppbygginga av vevsidene er på plass. Arkitekturen og grafikken som er implementert vert no utprøva av dei målgruppene som er sette for veven. Eit utval studentar og tilsette har sine krav og ynskje for vevsidene, på same måte som søkjarar og andre brukarar utanfor høgskulen har andre krav. Veven skal prøve å etterkome dei alle saman.
Resultata av brukartesten vil vere klar neste veke.

Del på