Søkjer Aasen-direktør

Styret for Aasenstiftinga har vedtatt å lyse ut stillinga som direktør for Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda i november. I løpet av våren vonar styret å ha den nye direktøren i sving.<br>

– Det er heilt avgjerande for framtida til tunet at vi får den rette personen til jobben, seier nestleiar i styret Kari Bjørke til Sunnmørsposten.

Styret for Aasen-stiftinga vil ikkje gå på "hovudjakt" med det første, men satsar på, ei brei utlysing.

– Vi treng ein person med brei innfallsvinkel til kulturfaglege spørsmål. Difor er vi opne for ulike typer søkjarar, seier Bjørke.

(NærNett)

Del på: