Spelemann på taket

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dette er eit tverrfagleg prosjekt der forming, drama og musikk er med. Alle aktørane er henta frå eigne rekkjer,og i alt 150 studentar er involverte i oppsetjinga.

Handlinga går føre seg mellom jødar og russarar i landsbyen Anatevka
like før den revolusjonære perioden.Det handlar mellom anna om tradisjonar, brytningar mellom gamle og nye skikkar og fordriving av folkegrupper. Tema som også er aktuelle i vår tid.

Stykket er krydra med mykje lun humor og flott musikk.

Eit orkesteret på 17 musikarar er sett saman av studentar og lærarar,
elevar frå musikklina på Volda vidaregåande skule, Møremusikarar og
folk frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen.

Premiere
Premieren er tirsdag 10. mars i Aulaen i Kaarstadhuset, der det for
høvet blir bygd opp eit lite amfi bakerst i salen.

Det blir 6 forestillingar fram til og med laurdag 14. mars.


Billettar
får du kjøpt i resepsjonen i Kaarstad-huset.


- LB

Del på