SPELEMANN PÅ TAKET

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Hovudansvarlege:
Musikalsk ansvarleg: Leif Barmen
Instruktør: Sigrun Meisingset
Kostymer, kulisser m.m.: Brit Ølnes

Dette er eit tverrfagleg prosjekt der forming, drama og musikk er med. Alle aktørane er henta frå eigne rekkjer,og i alt 150 studentar er involverte i oppsetjinga.

Handlinga går føre seg mellom jødar og russarar i landsbyen Anatevka like før den revolusjonære perioden.Det handlar mellom anna om tradisjonar, brytningar mellom gamle og nye skikkar og fordriving av folkegrupper. Tema som også er aktuelle i vår tid.

Om "Spelemann på taket"
Det er eit underleg fenomen at vi likar å late oss underhalde av mykje som er trist og leitt i livet. Berre tenk på opera, som mest vanleg endar med at dei fleste rollefigurane døyr eller sit att i den største sorg og fortviling. I det siste er også mange musikalar (Les Miserables, Oliver, Operafantomet) blitt bygde over tema som i utgangspunktet er tragiske.

Spelemann på taket følgjer på ein måte same tradisjonen. Handlinga går føre seg mellom jødar og russarar i landsbyen Anatevka like før den revolusjonære perioden. Stykket handlar mellom anna om tradisjonar, brytingar mellom gamle og nye skikkar og fordriving av folkegrupper, i dette tilfellet altså jødar og russarar.

Boka stykket er bygt på, er skriven av Joseph Stein. Teksten er av Sheldon Harnick, og musikken av Jerry Bock. Musikalen Spelemann på taket representerte noko nytt. Religion og politikk var ikkje vanlege tema i slike oppsetjingar. For det er eigentleg det stykket handlar om. Antisemittisme, trugsmålet mot den jødiske religionen og dei gamle
jødiske skikkane er gjennomgangstema.

Spelemann på taket vart oppsett for første gong 22. september 1964 på Broadway, og gjorde stor lykke. Det gjekk for 3242 fulle hus. Like etterpå vart det sett opp i Oslo med Lasse Kolstad i hovudrolla som bonden Tevye.
Innhaldet i stykket er altså lagt til byrjinga av vårt hundreår, men er på mange måtar også aktuelt i vår tid. Problema med motsetnader mellom folkegrupper vert vi visst aldri kvitt.

Men: Trass i den alvorlege bakgrunnen, altså: Kjempegod underhaldning: Stykket er krydra med mykje lun humor og flott musikk.

Stykket er krydra med mykje lun humor og flott musikk.

Eit orkesteret
på 17 musikarar er sett saman av studentar og lærarar, elevar frå musikklina på Volda vidaregåande skule, Møremusikarar og folk frå Symfoniorkesteret ved Høgskulen.

Premiere
Premieren er tirsdag 10. mars i Aulaen i Kaarstadhuset, der det for høvet blir bygd opp eit lite amfi bakerst i salen.

Køyreplan
Det blir 6 forestillingar fram til og med laurdag 14. mars.

Mandag 09.03 1900 - 2200 Generalprøve
Tirsdag 10.03 kl 1930
Onsdag 11.03 kl 1930
Torsdag 12.03 kl 1200 + 2000
Fredag 13.03 kl 1930
Lørdag 14.03 kl 1800

Rom: Aud. ABC i Kaarstad-huset

Billettar
får du kjøpt i resepsjonen i Kaarstad-huset.

Del på