Statsbudsjettet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- I utgangspunktet får Høgskulen i Volda 100 000 (nominelle) kroner mindre enn i fjor. Men reknar ein med det auka inntektskravet departementet har lagt inn i budsjettet, er nettoløyvinga 800 000 mindre enn året før, seier Driveklepp.

I tillegg må høgskulen over eige budsjett finne 4 mill. kroner til auka lønskostnader.

- Dette betyr at HVO i verste fall må spare inn 5 mill. kroner i 2001, og det vil eg seie er relativt dramatisk, seier Driveklepp som likevel ikkje trur at det er aktuelt å diskutere nedlegging av studietilbod på kort sikt

jan-d
Høgskuledirektør Jan Driveklepp


Von om 2,5 mill. ekstra
Departementet har sett av 100 mill. som skal fordelast etter den enkelte høgskule sin vekttalsproduksjon. - HVO utdannar ca. 2,5% av studentane, og vi kan difor ha von om å få 2,5 mill. av desse pengane, seier Driveklepp.

Driveklepp veit ikkje per dato om høgskulen også får ekstra løyvingar til dei desentraliserte utdanningstilboda HVO har i Kristiansund.
Sjå meir: http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=439


Måltala
På landsbasis er måltalet for dei 26 statlege høgskulane redusert med 1, 5 %. I vårt fylke går Høgskolen i Molde ned 2% og Høgskolen i Ålesund ned 3%. Andre høgskular vi kan samanlikne oss med: Sogn og Fjordane (- 2,4%), Nord-Trøndelag (- 3%).

Del på