Statsbudsjettet 2000

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

-Vi har registrerer ein auke i vårt budsjett på 6,1 million, noko som ligg nært opp til landsgjennomsnittet på 4,3% auke i høve til i fjor. Isolert sett er vi er relativt nøgde med dette, seier høgskuledirektør Jan Driveklepp, som påpeikar at auken stort sett vil dekkje meirkostnader som følgje av prisstiginga.


jd


Driveklepp er derimot mindre nøgd med at departementet heller ikkje i år har korrigert for dei låge budsjetta som HVO har slite med i mange år, og det betyr ei vidareføring av vårt låge budsjettnivå. I fleire møte med KUF har høgskuleleiinga påvist at HVO ligg godt under andre høgskular med liknande fagprofil og storleik. - Dette er noko vi seier oss leie for, understrekar Driveklepp.

Ingen nye studieplassar
Vi har tidlegare meldt at HVO fekk 15 nye studieplassar. Dette er feil.
Det kom i dag telefon frå Ane Marte Rassmussen i KUF med beskjed om at det har snike seg inn ein feil i tabellen i St. prp. nr. 1 når det gjeld studentmåltalekravet for år 2000: Det rette talet for HVO skal vere 2 176 studentar (ein reduksjon på 15 i høve til i fjor).

Del på