Statsbudsjettet 2002
- Eit relativt bra budsjett med ein liten auke etter at vi tek omsyn til løns- og prisauke, seier prorektor Arne Kåre Topphol ved HVO.
Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har i årets budsjett lagt inn midlar til omstilling i samband med kvalitetsreforma som skal innførast ved høgskulane/ universiteta i Noreg.
Les meir om denne reforma på
http://www.hivolda.no/cgi-bin/arkiv?id=682
- Det er gledeleg at vi har fått midlar til 3 nye stipendiatstillingar ved HVO.Det vi er mindre nøgde med er at kvalitetsreforma delvis er finansiert ved å trekkje inn studieplassar For oss ved Høgskulen i Volda vil dette utgjere ein reduksjon i måltalet på 35 studentar, seier prorektor Arne Kåre Topphol.