Statsbudsjettet 2008: To nye stipendiatstillingar, men nedgang total

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Budsjettauken vår er på 7,2 mill. kr. medan kompensasjonen for lønns- og prisauke er 8,8 mill kr, dvs ein realnedgang på totalramme på 1,5 mill. kr. Rett nok får vi to nye stipendiatstillingar, men elles er det mest negative utviklingstrekk og dei fører til at den noverande verksemda reelt sett misser 2,1 mill. kr.

·Medan høgskulane totalt sett har ein auke i basisløyving på 5%, har vi berre 3,9%

·Medan undervisningskomponenten for høgskulane auke med 4,7%, auka den berre med 4,1% for Høgskulen i Volda.

·For forsking var auken i sektoren 10,6%, vi hadde ein nedgang på 4,7%. Framleis er vi mellom dei høgste i publiseringspoeng, men skorar lavt på EU- og forskingsrådmidlar i 2006.

·Totalt fører dette til at medan sektoren har ein budsjettauke på 5%, har vi ein auke på berre 3,5%.

Last ned pressemelding med budsjettabell (pdf)

Del på