Statsbudsjettet: Premiert for stor aktivitet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Høgskulen i Volda (HVO) får 175 millionar kroner til drifta i 2003. Det gir HVO ein noko større prosentvis auke (8 prosent) enn heile høgskulesektoren sett under eitt. I budsjettframlegget frå Utdannings- og forskingsdepartementet kan høgskulesystemet rekne med ein auke på 7,5 prosent.

Auka aktivitet
Rektor Gunnar Stave peikar på to hovudgrunnar til at HVO kjem så pass godt ut av det.

- Den nye budsjettmodellen skal ein få utteljing for auka aktivitet og fleire utdanningstilbod. I perioden 2000 - 2001 oppretta vi fleire nye utdanningstilbod som vi no vert premierte for, seier han.

Stave-3
Rektor Stave er rimeleg godt nøgd med budsjettframlegget.

Kvalitetsreformen
- I høgskulesektoren har vi argumentert for at gjennomføringa av Kvalitetsreformen krev ressursar. Denne reformen omfattar mellom anna innføring av nytt gradssystem med master- og bachelorgrader. Reformen legg også opp til nye undervisnings- og evalueringsformer med ei tettare oppfølgjing av den enkelte student. I 2003 får HVO om lag 5,4 mill. til arbeidet med reformen, noko som gjev ei ein auke på 3 mill. kroner.













Del på