Stemningsfull opningsseremoni

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Ingvild Elgtvedt og The Simones opna det heile med eit musikalsk innslag, og skapte ei god ramme for opningsseremonien.

Vidare i programmet heldt rektor Jørgen Amdam tale og studenttingsleiar Ole Martinus Breivik. Kultur og næringssjef i Volda kommune, Gunnar Andenes helsa nye studentar velkomne, og fadderansvarleg Jenny Ekrem Skjærseth stemde i med faddersong frå scena saman med dei om lag 50 fadderane.

IMG_0032_fadderar_525
Engasjerte faddarar helser nye studentar velkommen                      (Foto: Øyvind Flåskjer)


IMG_0030_amdam_300_1
Rektor Jørgen Amdam kom med påminning om at alle dører er
opne for studentane,
og ønskte dei lykke til med studia. (Foto: Øyvind Flåskjer)


Gjensidig kontakt

RektorJørgen Amdam oppfordra studentane til å engasjere seg for å halde på Volda sitt gode studentmiljø, og ha ei gjensidig kontakt med Høgskulen.

- Høgskulen i Volda skal auke kvaliteten på sine utdanningstilbod. Vi har større søking og fleire opptekne enn i fjor, og i tida framover vil det vere viktig å rekruttere gode fagfolk.

I talen peika også rektor på at Høgskulen er ein berebjelke i samfunnet. Jørgen Amdam framheva samarbeidet som Høgskulen har med Volda kommune, og utfordra kommunen til å våge og satse på kulturprosjektet Innovata. Rektor Jørgen Amdam avslutta med ei oppmoding til regionale politikarar, om å betre rammevilkåra for høgskulane i fylket.

- Tre underfinansierte høgskular ikkje blir eit livskraftig universitet av å slå seg saman.

 

Del på