Stipend frå Institusjonen Fritt Ord
Styret for Fritt ord har no vedtatt å løyve kr. 50 000 til ei stipendordning for 1998 for studentar ved AMF.
Professor Preben Munthe var på vitjing ved høgskulen i januar for å orientere om Institusjonen Fritt Ord, og gjere seg kjend med den verksemda vi driv, særleg det som gjeld mediefag og skriftkultur. Avdeling for mediefag hadde eit møte med Munthe. Etter dette møtet blei det sendt eit brev til Fritt Ord som oppsummerte samtalane, og peika på område for samarbeid.
Styret for Fritt ord har no vedtatt å løyve kr. 50 000 til ei stipendordning for 1998 for studentar ved AMF. Dei vil først og fremst støtte studentar som har prosjekt eller skriv oppgåver innanfor interesseområdet til Fritt Ord: ytringsfridom, menneskerettar og ei demokratisk samfunnsutvikling. Avdelinga skal innstille overfor Fritt Ord som gjer endeleg tildeling. Dette er ei prøveordning for 1998, og medieutdanningane ved høgskulane i Bodø og Stavanger har etter møtet i Volda fått tilsvarande ordningar.
-rektor