Stor interesse for nybygget

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Det har falle mange godord om bygget og arrangementa både frå besøkande frå bygda og tilreisande gjestar. Vi registrerer at interessa for nybygget er stor. Det kjem stadig spørsmål frå ulike grupper om å få omvising. Måndag 19. oktober var styret for Statens lånekasse for utdanning på besøk. Dei blei orientert om høgskulen, og fekk omvising i medialokala og i Berte Kanutte-huset. Onsdag 28. oktober kjem rotaryklubbane i Ørsta, Volda og Nordfjordeid på vitjing. Denne dagen kjem også representantar for Høgskulen i Nesna hit. Dei arbeider med planar for eit nybygg, og har lagt eit kontaktmøtet med departementet, Statsbygg og arkitektar til Volda for å sjå og hente idear frå Berte Kanutte-huset.

Første og største delen av byggeprosjektet er fullført innan den tidsfristen og kostnadsramma som var fastlagt. Andre delen som gjeld ombygging av bygningsmassen aust og vest for Berte Kanutte-huset, har ikkje hatt den framdrifta vi hadde vona. Det har vore tett kontakt med Statsbygg for å få byggeprosessane i gang, og det er møte med både Statsbygg i Trondheim og departementet i Oslo i denne veka for å prøve å fjerne dei problema som har lagt hindringar i vegen. Arbeida som skal gjerast i kontoravdelinga på Strøm-huset, har vore ute på anbod, og vil bli sett i gang med det første. Når det gjeld byggearbeida på vestsida, er problemet at det prosjektet vi har gått inn for kostar meir enn det som er løyvd til dette føremålet. Samtidig er det vanskeleg å sjå at vi kan redusere noko på det planlagde prosjektet, dersom vi skal få dekka dei behova vi har. Dette har vi fått forståing for både i Statsbygg og departementet. Vi arbeider derfor ut frå den føresetnaden at det skal vere mogleg å finne dekning for budsjettsprekken, slik at prosjektet kan realiserast slik det er planlagt.


- rektor

Del på