Stor interesse for seminaret om folkemord

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

“Aldri meir” sa ein etter Holocaust. Etter 2. verdskrigen er fleire millionar menneske blitt drepne på politisk, religiøst eller etnisk grunnlag i Kongo, Rwanda, Kambodsja, Jugoslavia og andre statar. Lærte ein likevel ikkje noko av Holocaust?


Fagfolk, studentar og besøkjande fylte opp lokalet

Det underteikna og fleire med meg ikkje lærte i historietimane på gymnaset, var at Hitler kom til dekka bord! Før nazistane utforma dei såkalla Nurnberg-lovene i 1933, kunne dei nemleg hente materiale og tankegods frå enorme mengder vitskapleg litteratur om raser, antisemittisme, hierarkiet mellom rasene (gode og dårlege raser) og kvifor det var nødvendig med såkalla rasehygiene. Ei dehumaniserande tenking som sette rasen over individet. Denne legitimerande "abstraksjonen" skulle opne for stygge overgrep mot einskildsmenneske, også i velferdsstaten Noreg.

Vitskapleg legitimering av urett
I eit tankevekkjande innlegg fortalte historikaren Rolf Hobson korleis (kvasi)vitskapen etter den franske revolusjonen, der kravet om likskap mellom menneska var heilt sentralt, gjennom sine raseteoriar lot seg bruke for å legitimere slaveri, ufattelege sosiale skilnader, kolonialisme og imperialisme. Tankar som på 1800-talet fekk sitt styggaste uttrykk i sosialdarwinismen.

Hobson
Forskar Rolf Hobson

Før 1933 var tankane om raser og rasehygiene nokså like i USA, England, Norden og Tyskland. I det ekstreme Nazi-Tyskland, der alle demokratiske bremseklossar vart borte, fekk raseteoriane og tankane om rasehygiene utvikle seg til systematisk folkemord.


Rasismens intellektuelle røter
Nils Johan Lavik opna innlegget sitt med følgjande påstand:
Rasismen (i den perioden det her er snakk om) er eit intellektuelt prosjekt drive fram av vitskapleg autoritet. Han følgde opp med ein solid dokumentasjon av dette ved å trekkje fram sentrale vitskaplege publikasjonar, sentrale tenkjarar, framveksten av forskarstillingar ved universitet og institutt i perioden.

Trio
Idar Flo (HVO), Nils Johan Lavik, Olav Rune Ekeland Bastrup

Norsk rasehygiene
Historia om omfattande tvangssterilisering i Noreg, kom for alvor fram i norske media for 2-3 år sidan. Korleis kunne dette skje i ein demoktatisk velferdsstat etter den 2. verdskrigen?

Forfattar og journalist Olav Rune Ekeland Bastrup sitt spissformulerte svar, var: "Nettopp difor". Bastrup meinte å finne årsakene til norsk rasehygiene i velferdspolitikken. Velferdsstaten tålte ikkje, og hadde ikke råd til, avvik.

Bastrup peika på at norske rasehygienikarar ikkje følte at det dei dreiv på med hadde noko med det ein hadde gjort i Nazi-Tyskland. Sjølv etter raseteoriane var skandalisert etter 1945, tvangssteriliserte ein i Noreg fleire menneske i 1950-åra enn under Quisling!


Noko av bakgrunnen for at vi fekk ein ny steriliseringslov på 30-talet, var at legane utfordra muligheitene dei hadde for å gjere tvangsinngrep på såkalla utvida medisinske indikasjonar. Her var legane bukken og havresekken, og kunne i visse tilfelle utføre tvangssterilisering i stor stil.

Publikumar: Flott tiltak
Lærar Jostein Bjørndal rosar høgskulen for dette seminaret.
- Dette er eit viktig tema, også i dag. Det er flott å sjå at HVO på denne måten kan belyse viktige samfunnsspørsmål. Sjølv om vi her har fått sett vitskapen sitt Janus-ansikt, ser vi også at vitskapen kan kaste lys over mekanismene som fører til overgrep, seier Bjørndal som m. a. har vore aktiv i flyktningarbeid i Rwanda.

Bjorndal
Lærar Jostein Bjørndal. Bjørndal skriv bok om folkemordet i Rwanda




Per Arne Brandal
informasjonskons.

Del på