STOR SUKSESS FOR TEATERVEKA I VOLDA

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

- Det har vore fantastisk å jobbe med så kreative studenter, seier Sigrun Meisingset til internavisa Svela. Og teaterveka var ein suksess.

drama

Mellom anna har Dramaseksjonen ved avdeling for lærarutdanning framført stykkjer basert på stoff av Roald Dahl, Tove Jansson og frå musikalen "Oklahoma".Publikum har synt stor interesse for teaterveka og sjølv forestillingar på dagtid har gått bra.
Teaterveka er elles den første i sitt slag i Voldaog har kome i gong for å gje dramastudentar ved høgskulen eit godt tilbod.

- Frå i år fekk vi to klasser ved dramaseksjonen, og alle har ei obligatorisk teaterførestelling som ein del av utdanninga. Vi fann ut at vi hadde nok skodespelarar til å fylle ei heil veke med teater, seier Meisingset til Nærnett.



Trude K. Dalen
Informasjonskontoret

Del på