Store og små i vakkert samspel

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Symfoniorkesteret ved Høgskulen i Volda har tradisjonelt sin haustkonsert i oktober. Og tradisjonar er til for å takast vare på. Denne gongen er det Haydns symfoni No 94 orkesteret skal framføre.

- Eg blir meir og meir imponert over dette orkesteret, seier dirigent Rune Bergmann. Han tok over taktstokken i fjor sommar, og stortrivst saman med dei lokale aktørane. Så godt trivst han at han no pendlar til og frå Oslo for å dirigere orkesteret. Lange, keisame bussturar Oslo- Volda er gløymde når han hevar taktstokken for orkesteret. – Orkesteret skal framføre ein fantastisk symfoni på denne konserten, nemleg Haydns ”overraskingssymfoni”, seier Bergmann.

Haydn med humor

Det vert sagt om Haydn at han i tillegg til å vere ein dyktig komponist, også var ein komponist som likte å spøke. I symfoni nr. 94 startar andresatsen roleg mest som ei voggevise, for så å smelle til med pauker. Historia seier at fyrstar og adel hadde tendensar til å sovne under dei rolege andresatsane, og Haydn la då inn kraftige paukeslag for å halde leven med dei.

Dei unge og lovande

Dei flinke ungdomssymfonikarane i Volda og Ørsta Ungdomssymfoniorkester skal også ha program på konserten, og det er Knut Ose som skal dirigere dei unge og lovande musikarane. Dei skal mellom anna spele Allegro pomposo frå St. Cecilia-messe av den franske komponisten Charles Gounod og Maurice Ravels stykke Paravane. I tillegg skal ungdomssymfonien spele saman med symfoniorkesteret, og det er også denne laurdagskvelden i kyrkja at unge Peter Dougherty (11) skal vere solist på fiolin.

 

Les meir om symfoniorkesteret her.

 

Tekst: Reidun Heimen Heltne

Del på