Strategiarbeidet

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Den formelle delen av arbeidet med ny strategiplan for høgskulen vart sett i gong ved styreseminaret i Ulsteinvik i november i fjor. Temaet for seminaret var HVO - konsolidering eller nyorientering og vekst.

Med utgangspunkt i mellom anna konklusjonane frå dette seminaret utarbeidde rektor eit "strateginotat" som har vore sendt på høyring til avdelingane og organisasjonane ved Høgskulen og som var diskutert på styremøte i mars i år.

I april vart det skipa til eit ein-dagsseminar for alle tilsette og representantar for studentane. Føremålet med dette var å gi den einskilde høve til å kome fram med sine synspunkt på kva som var høgskulens sterke og svake sider, og kva ein sulle satse på i framtida.

Det er no nedsett 4 arbeidsgrupper med medlemer frå alle avdelingane og administrasjonen for å trekkje dette arbeidet endå eit steg framover. Kvar av gruppene har fått seg tildelt eitt tema som dei skal arbeide med. Meir informasjon finn du på HVO si heimeside under punktet Administrasjon, organisasjon m.m.

Les meir:

http://www.hivolda.no/fellesadm/strategi/strategi.html

Del på