Student i Volda?

HVO tilbyr mange yrkesutdanningar og studium med stor fagleg breidde og fordjuping. Her finn du studietilbodet for neste år, og vi vonar du kan finne ei yrkesutdanning eller eit fagstudium som høver med dine framtidsplanar.

annhead


Bli cand. mag i Volda
Lag deg ei "løype" og ein plan! Du kan starte i Volda, og eventuelt fullføre ei yrkesutdanning eller ei cand. mag.-utdanning i Volda, eller seinare studere vidare ved universitet eller andre høgskular.

lue

Godt studentmiljø
Mange studentar har gjennom åra opplevd hyggjelege krokveldar, intense studentveker, slitsame fjellturar i tillegg til flittig studering og nervøse eksamenstider i kulturstaden Volda.

kam

Volda - ditt val
I Volda er det vel 8000 innbyggjarar - i tillegg kjem over 2200 studentar som set sitt preg på bygda. Volda er vel kjend som skulestad. I tillegg til Høgskulen i Volda har Volda også vidaregåande skule , musikkskule og hjelpepleiarskule.


STUDIETILBODET 1999 - 2000

YRKESUTDANNINGAR:
Lærarutdanning
Allmennlærarutdanning (4 år)
Førskulelærarutdanning (3 år)

Mediefag
Animasjonsfilmutdanning (2 år)
Informasjonsutdanning (2 år)
Journalistutdanning (2 år)

Kommunalfag
Kommunal planlegging og administrasjon (3år)
Samfunnsplanlegging (2 år)

Kyrkjefag
Kateketutdanning (4 år)
Kyrkjeverjeutdanning (4 år)

Sosialfag
Barnevernspedagogutdanning (3 år)
Sosionomutdanning (3 år)

HUMANISTISKE FAG:
Grunnfag i engelsk, historie, norsk og tysk
Mellomfagstillegg i historie og norsk. Storfagstillegg i norsk og historie.
Norsk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.

ANDRE GRUNNFAG/ÅRSEININGAR/MELLOMFAG:
Forming, informasjonsteknologi, kristendomskunnskap grunnfag og mellomfag, kroppsøving,
matematikk, mediekunnskap, musikk, naturfag, pedagogikk grunnfag og mellomfag, samfunnskunnskap m/ vekt på planlegging og forvaltningskunnskap, samfunnsfag m/ vekt på
historie og geografi

PÅBYGGINGSSTUDIUM (20 VT)
Fjernsynsreportasje og dokumentarfilm, praktisk-pedagogisk utdanning
allmennfag/yrkesfag (PPU), vidareutdanning i offentleg planlegging,
organisering og leiing, musikk 2. årseining (musikkinstruktør)

VIDAREUTDANNING/10-VEKTTALSEININGAR
Drama 1, engelsk 1, helse- og sosialadministrasjon, kristendomskunnskap
(fjernundervisning), kroppsøving 2, matematikk 1 og 2, musikk 2, naturfag,
norsk 2, organisasjon og leiing, pedagogisk arbeid på småskulesteget 1 og
2, regional planlegging og utvikling, samfunnsfag, spesialpedagogikk 1 avd.


Del på: