Student i Volda

I ei omfattande studentundersøking stadfestar Volda sin posisjon som ein av dei beste studiestadane i landet. Studentane i Volda er dei mest aktive innafor studentpolitikk, frivilleg organisasjonsarbeid og kulturaktivitetar.

Volda -ein stad å oppleve
Livet er meir enn studiar. Volda er kjent for sitt gode studentmiljø. Som tilskodar eller aktiv - opplev konsertar, teater, dans, idrett, frilufts- og hybelliv etter øktene på lesesalen.

Volda -ein stad å leve
Studentsamskipnaden har trivelege husvære av høg standard til alle. I vesle Volda finn du vener og velferdstilbod i gang-avstand frå der du bur.

Volda -ein stad å studere
Nysgjerrig? I Volda finn du tilbod som passar for deg - etablerte og trygge utdanningar som gir arbeid og fleksibilitet.


miljo.jpg



HVO tilbyr mange yrkesutdanningar og studium med stor fagleg breidde og fordjuping.


STUDIETILBODET 1999 - 2000

YRKESUTDANNINGAR:
Lærarutdanning
Allmennlærarutdanning (4 år)
Førskulelærarutdanning (3 år)

Mediefag
Animasjonsfilmutdanning (2 år)
Informasjonsutdanning (2 år)
Journalistutdanning (2 år)

Kommunalfag
Kommunal planlegging og administrasjon (3år)
Samfunnsplanlegging (2 år)

Kyrkjefag
Kateketutdanning (4 år)
Kyrkjeverjeutdanning (4 år)

Sosialfag
Barnevernspedagogutdanning (3 år)
Sosionomutdanning (3 år)

HUMANISTISKE FAG:
Grunnfag i engelsk, historie, norsk og tysk
Mellomfagstillegg i historie og norsk. Storfagstillegg i norsk og historie.
Norsk og samfunnskunnskap for utanlandske studentar.

ANDRE GRUNNFAG/ÅRSEININGAR/MELLOMFAG:
Forming, informasjonsteknologi, kristendomskunnskap grunnfag og mellomfag, kroppsøving,
matematikk, mediekunnskap, musikk, naturfag, pedagogikk grunnfag og mellomfag,
samfunnskunnskap m/ vekt på planlegging og forvaltningskunnskap, samfunnsfag m/ vekt på
historie og geografi

PÅBYGGINGSSTUDIUM (20 VT)
Fjernsynsreportasje og dokumentarfilm, praktisk-pedagogisk utdanning
allmennfag/yrkesfag (PPU), vidareutdanning i offentleg planlegging,
organisering og leiing, musikk 2. årseining (musikkinstruktør)

VIDAREUTDANNING/10-VEKTTALSEININGAR
Drama 1, engelsk 1, helse- og sosialadministrasjon, kristendomskunnskap
(fjernundervisning), kroppsøving 2, matematikk 1 og 2, musikk 2, naturfag,
norsk 2, organisasjon og leiing, pedagogisk arbeid på småskulesteget 1 og
2, regional planlegging og utvikling, samfunnsfag, spesialpedagogikk 1 avd.

Sjå også:
http://www.hivolda.no/studtilb/studinfo.html


Bli cand. mag. i Volda
Lag deg ei "løype" og ein plan! Du kan starte i Volda, og eventuelt fullføre ei yrkesutdanning eller ei cand. mag.-utdanning i Volda, eller seinare studere vidare ved universitet eller andre høgskular.



Del på: