Studentar startar miljølag ved høgskulen

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

plask
Vil gje et spark til høgskulen: F.v. Eirik Stokstad Brødholt, Erlend Viken, Anders Myklebust og Jørgen Grebstad.

- No er det på høg tid at det blir retta langt større fokus mot miljøproblematikk ved Høgskulen i Volda.
- HVO er ein institusjon som i kraft av sin posisjon i samfunnet har eit ansvar for å gå føre an i miljøkampen, seier dei.

HVO er i ferd med å involvere seg i utviklinga av miljøplanar for mange Sunnmørskommunar, deriblant Volda og Ørsta. Då skulle det berre mangle at ikkje Høgskulen sjølv vart flinkare til å feie for eiga dør, meiner dei fire initiativtakarane.
 
- Målet med eit slikt miljølag er å setje fokus på miljøtiltak, først og fremst ved Høgskulen i Volda. Det verkar som avgjerdstakarane her treng litt ekstra påverknad og motivasjon rundt desse sakene.
- Etter at den formelle skipinga av miljølaget er i boks, går arbeidet i gong. Men då trengs det mange medlemmer!

Trua er sterk blant dei fire, på at det er mange studentar som er opptekne av miljøet, og møter opp på skipingsmøtet 1. april.

- Kva laget skal heite er ikkje heilt bestemt ennå, men aktuelle namn er Voldastudentanes miljølag og Miljøstudentane i Volda.

Del på