Studenthuset i Volda

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Skissene er eit utkast over kva arkitekten og Studenthusnemda meiner tomtearealet gir rom for.

Studenthus

Nybygget, som er tenkt oppført på nordsida av Samfunnshuset, er på totalt 1200 kvadratmeter fordelt på 3 etasjar. Inngangspartiet er planlagt på sørsida av bygget for å kome lengst mogleg vekk i frå nabohusa. Fasada mot Storgata skal byggjast med små, lydisolerte glas for å redusere moglege støyproblem. Heis for rullestolbrukarar er i dag ein sjølvsagt ting i offentlege bygg. Bygga skal knytast naturleg saman ved hjelp av fellesrom og dører.

Det er lagt stor vekt på at dei aktivitetane som er i Samfunnshuset i dag, også skal vere der i framtida. Studentane treng plass til større arrangement og konsertar, noko som den noverande kinosalen også kan brukast til. Eit mindre kinolokale med plass til rundt åtti personar er planlagt i nybygget og vil vere eit supplement til det eksisterande kinolokalet. Dette vil gjere sitt til at kinotilbodet til voldingane ikkje vert forringa.

Arkitekt Bjarne Sørheim har i samarbeid med Studenthusnemda mellom anna funne rom for kafe/pub, bowling, barnehage, møterom og eigne rom for studentane. Studenthuset skal vere eit sambruksanlegg for både studentar og andre innbyggjarar i Volda.

-Samfunnshuset i Volda er 45 år, og ei oppgradering av eksisterande bygg vil vere naudsynt dersom det kjem eit tilbygg av høgare standard, seier Roger Nedreklepp som er Volda kommune sin representant i Studenthusnemda. Volda kommune er i ein vanskeleg økonomisk situasjon, og ein kan ikkje rekne med at kommunen kan gå inn med midlar i samband med studenthusetableringa ved samfunnshuset.

På det noverande tidspunkt var det ikkje nokon som kunne uttale seg om kva dette vil koste, men det er lagt opp til at ein del av aktivitetane skal finansierast ved utleige og kommersiell drift.

Planane for det nye Studenthuset i Volda skal no drøftast med kommunen før det skal ut på høyring. Dersom Volda kommune godkjenner planane, kan den vidare detaljplanlegginga starte. Alle partar satsar på at det nye studenthuset kan takast i bruk i 2003.

Del på