Studentkro og studentvelferd

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Når nybygget er ferdig, må høgskulen seie opp leigeavtalen for det bygget noverande studentkro er i. Volda står då i fare for å ikkje ha studentkro frå hausten 1998.

På styringsmøtet kom det fram at departementet føler ansvar for å finne ei god løysing for kroa i Volda, og høgskuledirektør Driveklepp vil straks ta initiativ til eit møte mellom HVO, STIV, Studentsamfunnet og Studentsamskipnaden for Sunnmøre for å legge opp ein strategi for vidare framdrift.

Studentvelferd
Departementet understreka elles sterkt høgskulen sitt strategiske anvar for studentvelferd, og at styret for høgskulen må diskutere og synleggjere dette ansvaret i budsjettsamanheng.

Del på