STUDENTVEKA 2001
VEKA 2001, det største kulturarrangementet i regionen vinterstid, kan i år skilte med artistar som Bertine Zetlitz, Silje Nergaard og Anneli Drecker.
- Tema for studentveka er "Kontrast", og programmet kan tilby noko for ein kvar smak, seier vekesjef Ingvild Tennfjord til "Møre".
Vekesjef Ingvild Tennfjord. Foto:pab
I det rikhaldige programheftet ser ein også at det vert foredrag med fotograf Morten Krogvold og den kjende kenyanske opposisjonspolitikaren Koigi Wa Wamwere, stand-up komikk med Jonas Rønning, danseframsyningar, kyrkjekonsert, blues med Bjørn Berge m.m.
Rosinen i pølsa er som vanleg studentrevyen. I år har den fått tittelen "Ute av kurs - neste stopp Galeby".
Meir om programmet her:
http://student.hivolda.no/veka2001/