Studietilbod våren 1999

HVO startar opp historie storfag, norsk storfag, ex. phil og kristendomskunnskap med livssynsorientering rett over nyttår. Søknadsfrist 14. desember.

STUDIETILBOD VÅREN 1999

HISTORIE STORFAG (10 vt)
Storfaget vert bygt opp omkring emnet "Lokale, regionale, nasjonale og etniske identitetsoppfatningar". Storfaget kan også etter søknad brukast som 1. semester i eit hovudfag.

Tilbodet er utan studieavgift. Opptaksgrunnlag: Historie mellomfag. Studiestad: Høgskulen i Volda. Studiestart: Medio januar 1999. Eksamen: Mai/juni 1999.

Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Atle Døssland (70 07 50 88)

NORSK (NORDISK) STORFAG (10 vt)
Storfaget vert bygt opp omkring eit avgrensa emne innanfor norsk (nordisk) språk og/eller litteratur. Gjennom arbeid med eit sjølvvalt prosjekt skal studenten vinne djupare innsyn i faget og dessutan få ei viss øving i vitskapleg arbeidsmåte. Storfaget kan også etter søknad brukast som 1. semester i eit hovudfag.

Tilbodet er utan studieavgift. Opptaksgrunnlag: Norsk mellomfag. Studiestad: Høgskulen i Volda. Studiestart: Medio januar 1999. Eksamen: Mai/juni 1999.

Fagleg ansvarleg: Førsteamanuensis Geir Hjorthol (70075104)

EX. PHIL. (5 vt)
Dette er ei prøve som studentane vert rådde til å ta i sitt første studiesemester, og då gjerne i kombinasjon med eit anna studium. Fullført eksamen gir 5 vekttal, og kan inngå som ein del av ein cand.mag.-grad.

Examen philosophicum skal gje eit kunnskapsmessig grunnlag for vidare universitets- og høgskulestudiar. Studiet har tre disiplinar som ein studerer samstundes; filosofihistorie, vitskapsfilodofi og logikk. Filosofi er grunnlaget for alle vitskapar, og vitskapsfilosofi og logikk er nødvendige hjelpemiddel for å forstå strukturen i vitskapleg tenking. Vitskapsfilosofien tek også opp grunnlagsproblem i dei einskilde vitskapane. Inntil vi får godkjent vår eigen studieplan, vil studieplanen til Universitetet i Bergen verte nytta.

Seinare kan det også vere aktuelt å etablere eit 5 vekttals
påbyggingsstudium, examen facultatum, ved HVO, som eit valfritt studium i cand. mag. graden. Dette er eit førebuande studium som er retta mot studia ved den einskilde avdeling.

Undervisninga i studiet vert lagd til vårsemesteret med avsluttande eksamen i mai 1999. Ikkje studieavgift.


KRISTENDOMSKUNNSKAP MED RELIGIONS- OG LIVSSYNSORIENTERING (KRL) FJERNUNDERVISNING (10 vt)
Dette studiet er m. a. aktuelt for lærarar som ønskjer å kvalifisere seg betre for det nye KRL-faget i grunnskulen. Studiet er organisert som fjernundervisning over tre semester, basert på 6 modular som tilsvarar hovudemna. Kvar modul omfattar eitt studiebrev og eitt weekend-kurs. Weekend-kursa er frivillige innføringskurs for kvar modul.

Høgskulen krev materiellavgift for dei to fyrste semestera og vanleg studieavgift i eksamenssemesteret. Spørsmål kan rettast til instituttstyrar Birger Løvlie(tlf. 70075165) eller koordinator Knut Gjengedal (tlf. 70075096)"


FELLES SØKNADSFRIST: 14. desember 1998

Kontakt med Torill Engeseth på tlf. 70 07 51 12 eller Stig Årdal på tlf. 70 07 51 20, for mei informasjon om desse studietilboda. Studieplan og søknadsskjema får du tilsendt ved å kontakte sentralbordet.

Del på: