Studietur til Kenya

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Brubygging og internasjonalisering ved HVO

Kvifor reiser studentar og lærarar på eit fire vekers studieopphald i Kenya?

- Vi ynskjer at studentane våre skal få knytte internasjonale kontakter og at dei skal få fordjupe seg i Afrika som region. I det høve har vi stor tru på brubygging gjennom direkte kontakt mellom norske studentar og afrikanske studentar, seier Norleif Vik og Ottar Berge ved Høgskulen i Volda (HVO). Saman med kollegaene Birger Løvlie og Bjørn Tafjord og 14 studentar reiser dei den 17. november (reiser dei) til Kenya i Austafrika. Dei returnerer til Noreg den 14. desember.

Afrika
Frå venstre ser vi Bjørn Gunnar Tafjord, Ottar Berge og Norleif Vik peike ut kvar Kenya ligg på kartet over Afrika.

Heilt sidan 1976 har lærarutdanninga i Volda arrangert studiereiser til Afrika. Fram til 1988 var studiereisene dit meir eller mindre faste innslag i samfunnsfagsstudiet ved lærarutdanninga. Norleif Vik har lang erfaring med å leie slike studiereiser til afrikanske land, og han har også budd i Afrika i fleire år. I til saman sju år på 1990-talet var Vik prosjektleiar for skuleprosjekt både i Aust-Afrika og i Namibia. Sidan Vik avslutta arbeidet med skuleprosjekt i Namibia og returnerte til Høgskulen i Volda, har spørsmålet om å arrangere studietur til Afrika vore eit stadig tilbakevendande tema på Samfunnsfagstudiet ved Avdeling for Lærarutdanning. Fyrst i inneverande år har ein klart å frigjere ressursar til å realisere dette ynskjet frå studentane.

Likeverdig kontakt
- Ein så omfattande studietur som går over fire veker gjer at studentane får knytta kontakter og får kunnskap på fleire felt. Brubygging er noko anna enn bistand i tradisjonell forstand. Brubygginga har likeverd og gjensidig forståing som grunnpilarar, og opnar for at begge partar har noko å gje den andre. I så måte er det globale nettverket som arbeider for likeverdig kontakt mellom skular i Nord og Sør, gjennom utveksling av kunnskap, erfaringar og kultur bygd på direkte kontakt og personleg vennskap eit viktig bidrag, seier Norleif Vik.

Ottar Berge legg til at internasjonalisering i dag er eit stikkord i høgare utdanning. Fleire utanlandske studentar kjem til Noreg. Samstundes som det ved Høgskulen i Volda nesten ikkje er studentar som reiser ut. No ser dette med studiereiser ut til å vere eit meir prioritert område i og med at Høgskulen no både informerer om slike reiser i studiehandboka, og at dei løyver midlar til Kenya-turen. Som del av samfunnsfagstudiet inngår eit tema som ein kallar ”Region Afrika - i eit globalt perspektiv”. Opphaldet i Kenya er ein naturleg del av dette studiet med Geografi som regifag.

Nytt samarbeid
Det nye denne gongen er altså ikkje at samfunnsfagsstudentar ved Avdeling for lærarutdanning reiser på slike studieturar, men at dei reiser saman med tilsette og studentar ved Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag (KKF), fortel Ottar Berge.

- I fjor fekk eg eit stipend frå HVO som gjorde det mogleg å vere i Nairobi i tre veker. Odd Ragnar Hunnes, tidlegare dekanus ved Høgskulen i Volda, er no rektor ved Den norske skulen i Nairobi. Og han hjelpte meg med å tilrettelegge studieopphaldet mitt. Han er framleis i Kenya og har vore ein viktig koordinator og pådrivar for oss i samband med denne studieturen. Men det var altså i september i fjor at eg fekk ideen om å ta med meg studentane til Afrika. Sidan samfunnsfagsavdelinga allereie hadde erfaring med slike reiser, fekk vi til eit samarbeid og dette er spennande. Vi håper dette skal verte både utbytterikt og interessant, seier Ottar Berge ved KKF.

I starten var den største utfordringa å få økonomien i prosjektet i hamn. Men det løyste seg forhaldsvis raskt. Seksjon for Samfunnsfag og IT og Institutt for kristendomskunnskap og kyrkjefag ved HVO stiller kvar med 20.000 kroner i midlar for å realisere denne turen. Vidare har Kirkens Nødhjelp gjeve 20.000 kroner i sponsormidlar. I tillegg får studentane kring 5.500 kroner kvar i stipend frå Statens Lånekasse for utdanning. Dermed vert det kring 8.500 kroner på kvar student å betale for ein fire vekers studietur. Og det er studentane Heidi Voltersvik (KKF) og Eivind Bjørklund (samf.fag) godt nøgde med.

Unik sjanse
- Det hadde kosta ein del å vere i Volda i fire veker også. Her har vi ein unik sjanse til å få oppleve noko utanom det vanlege saman med folk som har vore i Afrika tidlegare. Vi synest det er spennande å få lære meir om andre kulturar gjennom førstehandsopplevingar, seier studentane.

Dei synest ikkje fire veker er for lang tid, når dei skal reise så langt. Dessutan er dette ein studietur og ikkje ein ferietur, og det er eit allsidig og variert program studentane skal delta på. Gjennom besøk ute på landsbygda, i naturparkar, i slummen, i ulike institusjonar og gjennom møte med afrikanske studentar skulle dei ha eit godt grunnlag for å (få) lære meir om både folk, kultur og geografi i Kenya. I tillegg skal dei utføre prosjektarbeid basert på observasjon og intervju ved ved ulike skuleslag og lærarutdanningsinstitusjonar i Kenya.

Allsidig program
Programmet som er lagt opp er særs allsidig. Mykje (av det ) er felles for dei to studentgruppene, medan dei også har ein del opplegg kvar for seg. Religion og misjon er (to) viktige stikkord for kristendoms- og kateketstudentane, medan geografi, samfunn og historie er i (det for) fokus for samfunnsfagsstudentane.

Felles for studentane er besøka ved Kenyatta University - der samfunnsfagsstudentane skal møte lærarstudentar og religionsstudentane møter kristendomsstudentane. Under besøket i St. John’s Community Center, får dei blant anna innsyn i arbeidet for å betre tilhøva for gatebarn og hindre spreiing av HIV. I tillegg har St. John’s også arbeid i Pumwani-slummen i Nairobi.

Vel ei veke er sett av til ein tur til den vestlege delen av Kenya, der studentane skal få møte ”livet på landsbygda”. Samfunnsfagstudentane skal besøkje områda ved Lake Victoria og oppleve ein av Afrikas mest kjende nasjonalparkar (jmf. Sverre M. Fjeldstads naturprogram på 70- og 80-talet). Når studentgruppene vender attende til Nairobi, får dei mellom anna møte sjømannspresten som til dagleg er stasjonert i Zimbabwe og to nordmenn som er busette i Nairobi. Den eine, Dr. Ling Merete Kituyi, som er gift med ein kenyansk politikar, skal seie litt om barn, helse og tryggleik i Kenya sett med norske auge. Avslutningsvis får studentane innsyn i FN sitt miljøvernarbeid i Afrika og globalt ved å besøke UNEP sitt hovudkontor som ligg i Nairobi.

Søndag 9. desember gruppa bussen til havnebyen Mobasa. Då er det sett av tre dagar til avkopling og turistliv ved Det Indiske hav, samstundes som dei skal lage skriftlege oppsummeringar av studieturen! Den 13. desember vender dei tilbake til Nairobi og dagen etter kjem dei igjen til den norske hovudstaden. Arbeidet med prosjektrapportane som dei har samla stoff til under opphaldet må studentane fullføre i fyrste del av vårsemesteret.

Førebuingane
Vaksinasjonar og malariatablettar er eit nødvendig innslag i førebuingane til Afrika-turen. Elles er både Heidi Voltersvik og Eivind Bjørklund førebudde på at dei kan møte kriminalitet, og difor tek dei sine førehandsreglar når det gjeld nettopp det. I tillegg til det faglege vert også slike spørsmål teke opp med studentane i førebuingsfasen til studieturen.

- Korleis førebur de dykk på å møte dei som lever i slummen i Nairobi?

- Eg har tidlegare vore i Egypt og fekk nok eit lite sjokk då eg såg folk som måtte tigge for å overleve der. Det er sjølvsagt mykje ein skulle ha gjort for å hjelpe dei som lever i slummen. Men kva kan vi som turistar gjere? Undrar Heidi Voltersvik.

- For min del gruar eg meg litt til å møte fattigdommen på så nært hald. I Kenya er det mange som lever under fattigdomsgrensa og det er også mange som er arbeidslause. Dermed er det ikkje så rart at det vert ein del kriminalitet heller, konstaterer Eivind Bjørklund.

Bortsett frå at dei gruar seg litt til slumbesøket er det med glad forventning studentane set seg på flyet saman med resten av gjengen frå Høgskulen i Volda. Å få vere fire veker i Afrika og møte ein framand kultur trur dei vil verte ei verdfull ballast for dei på fleire måtar!

(Mørenytt)
Foto: HVO

Del på