STYREMEDLEM I LÆRINGSSENTERET

<I> Kyrkje-, utdannings- og forskingsdepartementet har oppnemnt styre i Læringssenteret. Blant dei fire medlemane er Peder Haug, prodekanus ved avdeling for Lærarutdanning ved Høgskulen i Volda.</I>

Læresenteret vart oppretta 1. september i år og er ein statsorganisasjon med eige styre. Senteret fører vidare oppgåver frå Nasjonalt læremiddelsenter, Eksamenssekretariatet og KUF. Læringssenteret skal vere eit nasjonalt kompetansesenter for utdanningssektoren med oppgåver og ansvar innan utvikling, vurdering og informasjon. Grunnskule og vidaregåande opplæring er prioriterte område. Læringssenteret skal bidra til eit heilskapleg perspektiv på lærings-, forsøks- og utviklingsarbeid, forsking og vurdering. Senteret skal arbeide for kvalitetsutvikling i grunnskule og vidaregåande opplæring.

Del på: