Styremøte

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Første dag var det sammøte med referansegruppa for Ivar Aasen-instituttet, der styret blei informert om situasjonen ved instituttet og planane framover. Dei eksterne representantane understreka dei forventningane miljø utanfor vår høgskule har til dette knutepunktet, og det ansvaret som følgjer av desse forventningane.

Torsdag ettermiddag var forskar Ingvild Marheim Larsen invitert til å innleie om styret og høgskulerådet si rolle i dei nye høgskulane. Ho arbeider med evalueringa av den nye høgskulereforma, og er knytt til Norsk institutt for studier av forskning og utdanning (NIFU). Med utgangspunkt i materiale frå prosjektet generelt og frå Volda spesielt, skisserte ho nokre av dei utfordringar og dilemma som styra og høskuleråda må svare på. Eit hovudpoeng i foredraget var at styra ser si rolle ideelt sett som strategiske organ, men at dei har ein tendens til å bruke for mykje tid på einskildsaker og kontroll og for lite på strategisk arbeid. Materialet tyder på at styra utviklar seg i rett retning, og at kombinasjonen av interne og eksterne medlemer fungerer godt. Høgskuleråda derimot har ikkje fått den funksjonen dei var tiltenkt. Eit hovudproblem er at dei viktige sakene går innom så mange instansar at interessa for dei er uttømt når dei skal handsamast i høgskulerådet.

Fredag morgon heldt Roar Amdam eit innlegg om høgskulen si rolle i regional samanheng. Amdam peika på at høgskulen i sitt arbeid dels må vere orientert mot det nasjonale og internasjonale nivået, og dels mot det lokale og regionale nivået. Den lokale forankringa er viktig som plattform for vår orientering mot det nasjonale og internasjonale nivået. Eit hovudpoeng i innlegget var at produksjonen vår er tredelt: undervisning, FOU og arbeid for fellesskapet, internt ved høgskulen og i det lokalsamfunnet vi er ein del av. Forskingsarbeid er vegen til akademisk karriere. Dei andre områda gir ikkje tilsvarande uttelling for dei tilsette. Dersom desse områda skal vere sidestilte, må innsats på dei andre områda også vere «meriterande». Amdam meine også at Høgskulen manglar ein felles visjon som kan verke integrerande og motiverande for dei tilsette.

Begge innlegga reiste viktige problemstillingar og trykte på ømme punkt, og utløyste på den måten ein engasjert debatt både om styret og høgskulen si rolle.

Når det gjeld styresakene så handsama styret denne gongen:
· studietilbodet for studieåret 1998/99
· organiseringa av KEV-verksemda - førebels drøfting
· handlingsplan for studiekvalitet
· oppnemning av medlemer frå arbeidsgjevarsida til likestillingsutvalet

-rektor

Del på