Styremøte 29.4.98

Styret for HVO hadde møte 29.4.98 og gjorde fleire viktige vedtak.

Vi nemner her nokre:

- rammeavtale mellom HVO og Møreforsking Volda. Med dette vedtaket har vi ein rammeavtale på plass for samarbeidet mellom desse to institusjonane. For kvart prosjekt skal det dessutan lagast eigen konkret avtale.

- Budsjett framlegg for 1999, med prioritering både innanfor og utanfor ramma. I vedtaket ligg også prioriteringar av nye stillingar både på fagleg og administrativ side

- Oppnemning av styre for Ivar Aasen Instituttet, med Odd Monsson som leiar. Øvrige medlemer er Sveinung Vaage og Sigri Straand. Vara er Svein Ivar Angell og Reidun Høydal. Lukke til med arbeidet !

-Innføring av nytt økonomiregelverk og nytt økonomisystem ved HVO. Her uttalte styret at dei var nøgde med opplegg og gjennomføring så langt, og godkjende organisasjonsopplegget som var gjort. Styret var imidlertid uroa over den manglande samanhengen mellom ressurskrava og ressurstilgangen i prosjektet.

- Røykfri høgskule. Styret vedtok av HVO skal vere røykfri høgskule frå 1.8.98. Dette gjeld også hovudinngangane, så kanskje kan desse bli noko ryddigare enn no.

-jd

Del på: