Styret har tilsett nye dekanar ved HVO

Styret for Høgskulen i Volda (HVO) gjorde i juni 2006 vedtak om ny avdelingsstruktur med fire nye avdelingar. Det vart også gjort vedtak om å opprette fire nye dekanstillingar på åremål i tidsrommet 1. august 2007 til 31. juli 2011. I går tilsette styret for HVO Aud Folkestad, Sverre Liestøl, Ketil Jarl Halse og Rakel Christina Granaas i dei nye leiarstillingane.

Dei nye avdelingane har ikkje fått namn enno, men den faglege aktiviteten ved HVO skal frå august 2007 organiserast slik:

Avdeling 1: Drama, forming, musikk, kroppsøving, IKT

Avdeling 2: Mediefaga

Avdeling 3: Sosialfag, planlegging og administrasjon, historie, samfunnsfag

Avdeling 4: Nordisk, framandspråk, realfag, religion, livssyn og kyrkjefag, pedagogikk

Dekanen skal ha overordna fagleg og strategisk ansvar og økonomisk-administrativt ansvar for avdelinga. Dekanen har også ansvaret for personalutvikling, personalforvaltning og administrasjon.

Dei nye dekanane

Aud Folkestad er tilsett som dekan for Avdeling 1. Folkestad er i dag rektor ved Stranda vidaregåande skule. Aud Folkestad har gjennom fleire år vore aktiv i politikk både lokalt, regionalt og nasjonalt, spesielt i saker knytt til kultur, utdanning, næringsutvikling og kulturformidling. Folkestad er filolog med hovudfag i norsk og har i tillegg pedagogisk utdanning

Sverre Liestøl er tilsett som dekan for Avdeling 2. Liestøl er i dag dekan ved Avdeling for mediefag.

Ketil Jarl Halse er tilsett som dekan i Avdeling 3. Halse er i dag førsteamanuensis i radiojournalistikk ved Høgskulen i Volda.

Rakel Christina Granaas er tilsett som dekan i Avdeling 4. Granaas er i dag dosent i nordisk litteratur ved Høgskulen i Volda.

 

 

Dei nye dekanane vil, som vanleg ved tilsetjingsaker, få ein frist for å takke ja eller nei til stillingane.

Del på: