Styringsdialogen med KUF

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Vår delegasjon talde tretti personar frå administrativ og fagleg leiing, styret, studentsamskipnaden, studenttinget og tenestemannsorganisasjonane. Mitt inntrykk er at begge partane var svært nøgde med møtet, og at det levde opp til intensjonen om å skape ein dialog. Vi fekk presentert departementets vurderingar av oss, og vi fekk kommentere og legge fram vår eigen situasjon og peike på både utfordringar og problem som vi er opptatt av. Når det gjeld vurderinga av HVO merka vi oss følgjande hovudsynspunkt:
· departementet er opptatt av profilering og at vi må tenke i profilering både for høgskulen som heilskap, for profesjonsutdanningane og for fagutdanningane
· departementet finn ikkje samsvar mellom prioriteringane våre og det vi set opp som ønskeliste i budsjettet når det gjeld nye tilbod. Her var rådet at vi må vere meir profilerte
· profilering inneber ikkje at vi prioriterer ned fagutdanningane. Desse utdanningstilboda står godt til profesjonsutdanningane. Denne kombinasjonen av profesjonsutdanningar og fagstudier blei vurdert positivt. Det blei understreka at fagutdanningane er interessante i samanheng med den nye modellen for allmennlærarutdanninga
· departementet såg på fagmiljøet og utdanningane i kyrkjefag som heilt spesielle for HVO og som eit område vi burde profilere og jobbe aktivt med for å sikre rekrutteringa
· departementet les ei viss mismodig haldning rundt knutepunktfunksjonane ut av dokumenta våre, og at vi var for mykje opptatt av problema og for lite av moglegheitene (her trur eg debatten snudde dette inntrykket)
· departementet er samde i at budsjettet for HVO relativt er sett blant dei svakaste i høgskulesektoren, omfordeling mellom høgskulane er i gang og vil halde fram, men det må skje med små skritt
· yrkesorienteringa i lærarutdanninga blei sterkt understreka - denne grunnpremissen er forsterka i den nye modellen

På nokre viktige spørsmål som gjeld budsjett og fagleg profil fekk vi konkrete gledelege og utfordrande signal:
· vi har fått gjennomslag for vår argumentasjon når det gjeld Ivar Aasen-instituttet. Departementet er samde med oss om at dette er eit spesielt knutepunkt der vi treng tid til å byggje opp både kompetanse og studentaktivitet. I tildelingsbrevet er det derfor lagt inn nye 0,5millionar kroner slik at vi no har 1,1 millionar i øyremerka midlar til instituttet. Desse er å rekne som øyremerka også i seinare budsjett så lenge ikkje det motsette er sagt.
· vi blei oppmoda om å søke om ekstraløyvingar til ein del kostnader som kjem i samband med nybygget, og som ikkje er rekna inn i byggekostnadane. Dette gjeld: digitale telefonapparat, EDB, dobbel husleige o.l.
· husleige til nybygget ligg ikkje inne i budsjettramma
· dei ny studieplassane i vernepleie som ligg inne i 98-budsjettet inneber at det må opprettast nye studiar. Med den bakgrunn og fagprofil HVO har når det gjeld sosialutdanning, kan vi vere ein aktuell institusjon for ei ny vernepleiarutdanning
· yrkesfaglærarutdanning kan vere eit mogleg utdanningstilbod for HVO. Samarbeidet innanfor Midt-Norsk Nettverk om slik utdanning blei positivt vurdert
· departementet vurderer å opne for linjeorganisering av lærarutdanninga, men dei er enno usikre på korleis dette kan organiserast innanfor den nye modellen. Dette blir det arbeidd vidare med

-rektor

Del på