Styringsdialogen med KUF

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dei får høyre fleire stemmer, og får ein nærare kjennskap til korleis situasjonen er i på den einskilde høgskule.

For det andre får eit breitt utval av høgskulen sine tilsette møte det abstrakte "departementet" som personar av kjøt og blod. Dei får møte den departementale retorikken og kan delta i ein direkte diskusjon med departementet og ikkje gjennom mellommenn. Dei får også innsikt i dei sakene som står høgt på dagsordenen i departementet. Slik sett er dette ei interessant sosial hending, der to kulturar møtest og prøver å kommunisere om viktig spørsmål. Sett i dette lyset hadde vi eit godt møte, som eg trur var innsiktsskapande for begge partar.


levi-stave-driveklepp
Høgskuledirektør Drivklepp, eksp. sjef Levy, rektor Stave.


Det viktigaste føremålet er naturlegvis diskusjonen om dei mål og planar institusjonen har, og dei styringssignala som ligg i den utdanningspolitikken som departementet forvaltar. På dette området er vurderingane sikkert ulike blant deltakrane på møtet, og bestemt av dei forventningane ein stilte med.

Svela (intern studentavis) har oppsummert denne sida ved møtet med overskrifta, "HVO må skjerpe seg!" Det er det nok dekning for når det gjeld einskilde problemstillingar, men ikkje som ein generell karakteristikk av HVO si verksemd.

Representantane frå departementet fekk ei klar forståing av at HVO har gjort jobben sin svært godt når det gjeld studentrekruttering, og har vist stor evne til omstilling. Dei såg også klart at det skaper store problem for oss når vi følgjer opp krystallklare styringssignal om måltalsoppfylling, og så får dei største budsjettkutt vi har hatt sidan vi blei ein høgskule.

Vi peika på at det i referatet frå etatsstyringsmøtet i april står at departementet framheva fylgjande over for oss: "Departementet understreket at det er viktig å fokusere på oppfyllelse av måltall, fordi dette vil bli vektlagt ved fordeling av eventuelle kutt i bevilgningene til sektoren." Når vi så får eit så stort budsjettkutt som vi har fått, er det rimeleg å trekke den slutninga at det styringssignalet som blei gitt i april ikkje gjeld i oktober, og at oppfylling av måltala eigentleg ikkje spelar noka rolle. På dette punktet kunne kanskje overskrifta ha vore at HVO ba departementet om å skjerpe seg, fordi det ikkje er samanheng i styringssignala.

Ei meir nyansert samanfatning er at overordna politiske føringar har overstyrt sektorføringar. Vedtaket om å redusere talet på studieplassar på bestemte område, var tatt på eit overordna politisk nivå. M.a.o kravet om måltalsoppfylling gjeld framleis, og vil gjelde til kandidat- og vekttalsproduksjon blir det sentrale resultatmålet.

Dialogen tok opp mange sider ved HVO. Dei viktigaste signala eg sit att med er fylgjande:

· Høgskulen i Volda har fått relativt stor nedskjering i måltalet fordi vi har stor aktivitet på område der det er vedtatt å skjere ned studenttalet, dvs. førskulelærarutdanning, humanistiske og samfunnsvitskaplege fag
· Universitets- og høgskulesektoren vil framleis møte sterke krav om omstilling
· Det er nødvendig for HVO å prioritere klarare ved t.d. å satse sterkare på knutepunkta, slik at dei set sitt preg både på grunnutdanningane, utdanningar på lågare grads nivå og tilbod på hovudfags- og mastergradsnivå
· Norgesnett-tanken er ikkje død, men ansvaret for arbeidsdelinga kviler meir på frivillig samarbeid mellom institusjonane enn sentraldirigering frå KUF
· Det er viktig å satse meir på pedagogisk kompetanse med tanke på studiekvalitet. Det ser ut til at universiteta satsar meir på dette i dag enn høgskulane
· Det er viktig å arbeide med utvikling av nye læringsformer knytt til IKT. Departementet har midlar til å støtte slike prosjekt t.d. i lærarutdanninga og gjennom SOFF. Det er også sett av midlar til å utvikle utdanningstilbod i samarbeid med næringslivet
· Høgskulen må utvikle eit system for kvalitetssikring. Norgesnettrådet har fått i oppdrag å følgje opp denne saka
· FOU-verksemda bør også styrast mot dei områda der høgskulen vil satse fagleg. Den nye trategiplanen for HVO legg vekt på korleis forholda skal leggast til rette for forsking, men seier lite om prioritering av fagområde. Det er viktig å styrke den faglege leiinga av FOU-verksemda
· Høgskulen må bygge ut kontakten med regionen og legge større vekt på å møte regionale behov både på utdannings- og FOU-sida. Dei statlege høgskulane si regionale rolle er eit viktig omsyn i utdanningspolitikken. Det er viktig å styrke den regionale relevansen. Dette bør aktualisere spørsmålet om tettare samarbeid mellom høgskulane i Møre og Romsdal
· Høgskulen må satse meir på internasjonalisering. Det er ei generell målsetting for universitets- og høgskulesektoren at 50% av studentane skal ha eit semester i utlandet i løpet av studietida. HVO har ein del gode tiltak, men har lite å vise til når det gjeld studentutveksling og utveksling av fagleg tilsette. Høve til studentutveksling vil bli ein viktig konkurransefaktor i åra som kjem
· Departementet har ikkje tatt stilling til kva som skal gjerast med lærarutdanning. Det har blitt gjennomført høyringar, og desse skal no oppsummerast. Den rammeplanen vi no har gir meir rom for utprøving enn vi har sett til no. Dep. oppmodar oss også om å bruke forsøksparagrafen i Universitets- og høgskulelova for å prøve ut nye opplegg
· Departementet vil ikkje gå inn for ei felles sosialarbeidarutdanning no. Dette kan endre seg dersom vi får ein ny gradsstruktur. Høgskulen kan sette i gang vernepleiarutdanning dersom det kan skje innanfor ramma


På bakgrunn av dialogen med departementet kan vi seie at mykje er i endring i høgre utdanning, og slik vil det bli i enno sterkare grad. Ekspedisjonsjefen siterte statsråden, som sa følgjande på Forskerforbundtes forskarkonferanse i oktober: "Universitets- og høgskolesektoren vil oppleve sterkere endringer de neste 5-10 åra enn de siste 50." Drivkreftene i denne utviklinga er kravet om utdanning for alle, konkurransen på utdanningsmarknaden, IKT og globaliseringa av utdanningsmarknaden.


Rektor Gunnar Stave

Del på