Suksess for Spelemann på taket

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Dette er litt av det pressa skriv:

Grunn til honnør
Når ein skal skrive slike omtalar, er det lett for å slå om seg med rosande
ord. I dette tilfellet var det verkeleg grunn til.
(Sunnmørsposten)

Kultur på høgste nivå
Nei, ein treng absolutt ikkje å reise til Oslo for å oppleve kultur på høgste
nivå, opplevingar som begeistrar ein så sterkt at det blir problem med
nattesvevnen etterpå..
(Møre-Nytt)

Herlege spelemenn!
Imponerande rett og slett!
(Møre)

---------
SPELEMANN PÅ TAKET

I veke 11 framfører studentar ved HVO musikalen "Spelemann på taket"

Hovudansvarlege:
Musikalsk ansvarleg: Leif Barmen
Instruktør: Sigrun Meisingset
Kostymer, kulisser m.m.: Brit Ølnes

Dette er eit tverrfagleg prosjekt der forming, drama og musikk er med.
Alle aktørane er henta frå eigne rekkjer,og i alt 150 studentar er involverte
i oppsetjinga.

Handlinga går føre seg mellom jødar og russarar i landsbyen Anatevka
like før den revolusjonære perioden.Det handlar mellom anna om
tradisjonar, brytningar mellom gamle og nye skikkar og fordriving av
folkegrupper. Tema som også er aktuelle i vår tid.

Køyreplan
Det blir 6 forestillingar fram til og med laurdag 14. mars.

Mandag 09.03 1900 - 2200 Generalprøve
Tirsdag 10.03 kl 1930
Onsdag 11.03 kl 1930
Torsdag 12.03 kl 1200 + 2000
Fredag 13.03 kl 1930
Lørdag 14.03 kl 1800

Rom: Aud. ABC i Kaarstad-huset

Billettar
får du kjøpt i resepsjonen i Kaarstad-huset.

Del på