Symfoniorkesteret får kulturpris

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

Frå første verdskrigen og framover til 1934 hadde S. H. Geitvik eit orkester med salongbesetning som var knytt til lærarskulen. I 1935 vart dette orkesteret løyst frå skulen og fekk namnet Volda orkester. Det var i drift til 1940.

I 1947 blei Ingmar Fottland tilsett som lektor i musikk ved Volda lærarskule. Han hadde utdanning som orkesterdirigent frå konservatoriet i Oslo, og brann for å starte eit orkester ved skulen. Saman med Trygve Vassbotn, timelærar på fele, og andre sentrale musikarar starta dei eit orkester med symfonisk besetning. Orkesteret i si noverande form har no vore i kontinuerleg drift sidan 1947 og kan i år altså feire 50 års jubileum.

Konsertverksemd
Orkesteret har heilt frå dei første åra drive ei aktiv konsertverksemd. Det har deltatt på høgskulen sine haustfestar og julekonsertar og andre festlege samkomer i skulens regi. Men alt frå dei første åra skipa orkesteret årleg til eigne konsertar, gjerne med lokale solistar. Griegs klaverkonsert har såleis orkesteret hatt på programmet sidan tidleg på 50-talet med Åse Trædal og seinare Erling Nordberg som solist.

Det var og vanleg at orkesteret reiste på turne med konsertane. Den turneen som musikarane frå den første tida snakkar særleg varmt om, er turen med M/S Sunnfjord til Fotlands heimbygd Norheimsund i Hardanger.

Symfoniorkesteret i dag
Konsertverksemda har auka til 3-4 konsertar for året, med den årlege 17. mai konserten, som blei tradisjon frå 1987, som den mest populære.

Solistar
Til dei fleste konsertane har orkesteret brukt både lokale solistar og kjende kunstnarar som Arve Tellefsen, Jens Harald Brattlie, Leif Ove Andsnes,Terje Tønnesen o.a.

Dirigentar
Dirigentar etter Ingmar Fottland har vore Thorleif Hauso, Bjarne Dankel, Ivar Torvanger, Nils Ose og Helge Hamsaas,- alle musikklærarar ved lærarhøgskulen/HVO.

Symfoniorkesteret og lokalmiljøet
Symfoniorkesteret ved Høgskulen kjem på toppen av orkesterpyramiden til musikkskulane i Volda og Ørsta, og får dermed også rekruttering derifrå.

Orkesteret er såleis - og har heile tida vore - eit orkester, ikkje berre for Volda Lærarhøgskule, men for heile det musikalske miljøet i Volda og Ørsta. Medlemmene frå dette området utgjer den faste stammen. Dette samarbeidet mellom høgskulen og lokalmiljøet er viktig og heilt nødvendig for at orkesteret skal kunne bestå. Begge partar tener på det. Volda har fått eit symfoniorkester, og Høgskulen i Volda kan rose seg av å ha eige symfoniorkester som tilbod til studentane. Dei siste åra har orkesteret, i tilknytning til konsert-verksemda, hatt eit nært samarbeid med Ålesund symfoniorkester, Rikskonsertane og Møremusikarane.

Symfoniorkesteret i jubileumsåret
I jubileumsåret hadde orkesteret tre ulike konsertar. Den første konserten var laurdag 8. mars. Denne konserten vart arrangert saman med Høgskulekoret og med Jan Eggum som solist. Den andre konserten var den tradisjonelle 17. mai konserten, i år med pianisten Turid Bakke Braut som solist.

Den eigentlege jubileumskonserten var 12. oktober, og programmet var plukka frå orkesteret sitt 50-årige repertoar. Tre av dei fem dirigentane som har hatt den musikalske leiinga i desse åra, Ivar Torvanger, Nils Ose og Helge Hamsaas presenterte sine favorittstykke.

Del på