Synnøve Svabø opnar Veka99

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

prog


Vi har saksa frå programheftet:
Det er ei stor glede for oss å ynskje Synnøve Svabø attende til Volda for å stå for den offesielle opninga av Veka99 fredag 29. januar. Tidlegare Volda-student Synnøve Svabø er Veka99 sin høge beskyttar!

Kven skulle tru at Synnøve skulle kome attende til Volda som kjendis og stordiva? I alle fall ikkje lærarane på høgskulen. Dei vedda om at ho aldri ville få jobb i NRK. Men det fekk ho, og vi veit alle kva ho gjorde med NRK. Plutseleg var det greit at NRK sine medarbeidarar kyssa Arafat og blei tatt på puppene av statsministeren.

Vi veit at når Synnøve Svabø opnar veka99 gjer ho det garantert ikkje på nokon tradisjonell måte. Ho var vill då ho budde her, NRK har gjort ho galare og vi håper for vår del at for oss kuliminerar det heile i det glade vanvidd i Volda 29. januar!

Billettsal

Forsalg Veka99

Salet startar i Berte Kanutte mandag 25. januar kl. 17.00 (Fyrste
timen kun for medlemmar i Studentsamfunnet). Medlemskort kan kjøpast ved Samfunnet sitt eige bord same stad same dag frå 15.00. Fyrste timen kan du berre kjøpe ein billett til kvart arrangement. Etter 18.00 er det fritt fram for alle, også ikkje-medlemmar, å kjøpe inntil tre billettar til kvart arrangement. Førehandssalet held fram i Berte Kanutte tysdag 26. og onsdag 27. januar mellom 17.00 og 19.00. Då kan du kjøpe så mange
billettar du vil. Frå onsdag 27. januar kl. 20.00 ligg billettane hos
mix-scene 1 i Volda.

Berte Kanutte-huset:

Mandag 25. jan. 17-20*

Tysdag 26. jan. 17-19

Onsdag 27. jan. 17-19

*Fyrste timen kun medlemmar av Studentsamfunnet

Del på