Ta 20 vekttal undervisningsretta matematikk

Høgskulen i Volda er ein av få lærarutdannings-<br>
institusjonar som tilbyr 20 vekttal (60 studiepoeng) samansett av funksjonslære, statistikk og sannsynsrekning i tillegg til grunnkurset.

-På samordna opptak har vi tilbod om matematikk (20vt.), seier Leif Bjørn Skorpen, seksjonsleiar for matematikk ved Avd. for lærarutdanning. På lokalt opptak har vi og tilbod om 10 + 10 vt. einingar i matematikk.

skorpen
Tilbodet er aktuelt både som fagutdanning i oppbygging av faglærarkompetanse, og vidareutdanning, seier Skorpen.

Matematikk årsstudium
60 studiepoeng (20 vt)

Studiet skal gi grunnlag for innsikt i dei matematiske metodane og prinsippa som elevane arbeider med i skulen. Innhaldet siktar mot heile grunnskulen. Om undervisninga, sjå Matematikk 1 (10 vt) og Matematikk 2 (10 vt).

Matematikk 1
30 studiepoeng (10 vt)

Formål
Gjennom fagleg, didaktisk og metodisk opplæring skal eininga gi studentane grunnlag for å undervise i matematikk i grunnskulen. Studiet gir innsikt i dei matematiske metodane og prinsippa som elevane arbeider med i skulen. Studiet siktar mot heile grunnskulen.

Innhald
Undervisninga omfattar desse hovuddisiplinane: tal og tallære, algebra/funksjonslære, statistikk/ sannsynsrekning, geometri og fagdidaktikk.

Arbeidsformer
Arbeidsformene er prega av studentaktive læringsformer medeit stort innslag av oppgåve- og problemløysing, støtta av oppgåvedrøfting og forelesing.

Kompetanse
Studiet gir grunnlag for opptak på matematikk 2, eller som vidareutdanning.

Matematikk 2
30 studiepoeng (10 vt)
Studiet kan veljast av studentar og lærarar som ønskjer å utvide matematikkfaget til eit årsstudium i faget.

Innhald
Undervisninga omfattar hovudemna:
Funksjonslære, statistikk, sannsynsrekning og fagdidaktikk.

Arbeidsformer
Det vert lagt vekt på ein problemløysande arbeidsmåte med oppgåveløysing, oppgåvedrøfting og forelesing.

Kompetanse
Studia kan gå inn som del av allmennlærarutdanninga, eller som vidareutdanning.



Del på: