Ta vare på studentmiljøet – engasjer deg!

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Gunnhild tok til som leiar i Studentsamfunnet for knapt ein månad sidan. Det var med skrekkblanda fryd ho takka ja til vervet, men med erfaring frå styret som tidlegare velferdsansvarleg var det eit enkelt val.
– Eg var ikkje heilt ferdig i Studentsamfunnet. Vi har styremøte kvar måndag, og det har vore veldig kjekt. No ser eg fram til nye oppgåver, fortel ho.

Ei av sakene som ho gjerne vil fokusere på, er større bruk av studenthuset Rokken og fleire frivillige. Det er mykje som er bra, men ein del kan óg bli betre. For Gunnhild er det ein del nytt å setje seg inn i, men ho er glad for å ha styret i ryggen.
– Eg har alltid vore engasjert. Då eg kom hit til Volda, vart eg kjend med dei "rette" folka, og slik kom eg innom ulike lag og organisasjonar. Det har vore veldig kjekt, men ein treng alltid fleire engasjerte.

a0ba1e39778448e56032b3a82852e8c33af4b6e8
Bakarst: personalansvarleg Roar Hide Klausen, bookingansvarleg Sigve Kristoffersen, PR-ansvarleg Kristoffer Moene Rød og teknisk ansvarleg: Per Anders Store. Framme: velferdsansvarleg Jan Ola Ellingvåg, leiar i Studentsamfunnet, Gunnhild Jørgensdóttir Brimheim, bar-ansvarleg Wanja Kristin Roel. (Ikkje på biletet: teknisk ansvarleg Andreas Gulbrandsen og nestleiar Ann Katrin "Ella" Heggdal.)

Studiemiljøet er eit felles ansvar
Det er mykje som skjer på Rokken, mellom anna onsdagsquiz, open mic, internasjonal dag og "Corner i mål" med fotball- og handballkampar på storskjerm. I tillegg er det ulike organisasjonar som har møte og samlingar, Rokken har konsertscene og er hovudarena for festivalane gjennom året.
– Det har aldri vore så mange medlemmer i Studentsamfunnet som i år, men det kunne alltid vore fleire. Det er mange som har ei meining, men altfor få som nyttar den ved høve. Mi oppfordring til studentane er å ta vare på studentmiljøet. Engasjer deg!

Del på