Tidlegare animasjonstudent vann Oscar for beste animerte kortfilm

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Peterstor

Natt til søndag fekk Storm Studios Oscar-statuett for beste animerte kortfilm med "Peter og ulven". Animatør Isak Gjertsen frå Narvik var stolt over prisen:

- ”Peter og ulven” er ein dokkefilm. Men då filmskaparane trengte å få lagt inn ein del dataanimerte element, så vart eg leigd inn for å jobbe med dette i to-tre månadar. Mitt bidrag til filmen er rundt to minuttar av dei til saman 30 minutta filem varer, seier Isak til NRK Nordland.
- Eg har kanskje min vesle del i Oscar-statuetten, sjølv om vi til saman var rundt 50 personar involvert i prosjektet. Det var uansett artig at den vann.

Du kan lese ein kort filmomtale her

Del på