Toppkarakter

Tekst: Kristian Fuglseth

- Oppdatert

(Tekst og foto: Astrid Urke)

Sjølv vergudane spelte på lag og bygde ei fantastisk ramme rundt den offisielle opninga.
Dekanus Anne Øie ved Avd. for lærarutdanning ved HVO ynskte dei rundt 70 innbydde gjestane velkomne og presenterte eit tettpakka program for festdagen.
Høgskulelektor Marit Ulvund ved Dramaseksjonen baud deretter gjestane inn til teaterframsyning for å få vise fram det nye bygget med studentar i sitt rette element.

"Som du vil"
Studentane på Drama årseining imponerte stort med teaterframsyninga "Som du vil" i den nye dramasalen.Ei frisk komedie om forvisning, forelskelse og forviklingar, fritt etter William Shakespeares ”As you like it”.

drama11
Både dramastudentane og dei tilsette er veldig fornøgde med at dei endeleg har fått ein sal der dei kan utfalde seg.


Omvisning og fest
Etter teaterframsyninga og omvisning i nybygget, vart gjestane inviterte til overlevering, helsingtalar og middag i eit festpynta auditorium i Kaarstadbygget.

kor
Studentkoret ved HVO med dirigent Jorunn Thortveit ønskte velkomen med vakker korsang.

Deretter ynskte dekanus Anne Øie velkommen til den offisielle delen av programmet.
- I dag er ein stor dag for oss her på HVO, og ein viktig dag for lærarutdanninga i Volda. Det har vore ein lang og kronglete veg før vi kom hit vi er i dag. Det nye bygget inneheld ein ny dramasal for studentane og nye kontor for tilsette ved Avd. for lærarutdanning. Vi har tjuvstarta bruken av det nye tilbygget og tilbakemeldingane frå brukarane, både tilsette og studentar, er eintydig positive. Dei lyse, trivelege romma i tilbygget har vist seg funksjonelle og er med på å skape eit godt og triveleg arbeidsmiljø, sa Anne Øie.

Kva skal barnet heite?
-Det har vore spennande å sjå korleis bygget har vokse fram, og undervegs har vi lært at byggebransjen arbeider tverrfagleg på same måten som vi her ved lærarutdanninga. I dag står bygget ferdig, men ein ting manglar…I 1922 stod Kaarstadhuset ferdig, og i 1982 fekk vi eit tilbygg som også i dag går under namnet " Nybygget".

annop2
Kva skal vi kalle tilbygget som vi opnar i dag? undra Anne Øie.


Kulturhistorisk bygning
- Kaarstad-bygget ved HVO var hovudbygninga til den tidlegare Lærarhøgskulen i Volda, sa avdelingsdirektør Berit Skarholt i Statsbygg. Bygninga vart oppført i 1922 og har med si karakteristiske utforming og synlege plassering stor kulturhistorisk verdi og stor symbolverdi for Volda som skulestad. Særleg sørfasaden og parken framfor, vend mot bygda, er viktig for verdien. Tilbygget frå 1982 har fått mykje kritikk lokalt, og vart rekna for å minske verdien av den gamle bygninga ved uheldig form og materialbruk, fortalde Skarholt. I samband med det nye byggjesteget kravde difor Fylkeskonservator og lokalpolitisk hald at prosjektet skulle medverke til å vinne att verdien på Kaarstadbygget.

kvartett1
Avdelingsdirektør Berit Skarholt (til høgre) og prosjektleiar Rigmor Leirvik frå Statsbygg saman med tidlegare høgskuledirektør Jan Driveklepp og økonomisjef Leif Myklebust ved HVO.

Det nye tilbygget
Det nye byggjesteget er dels eit tilbygg og dels eit påbygg på det opphavlege tilbygget, og søkjer ved volumoppbygging og detaljering å skape ei betre, meir harmonisk samanstilling av opphavleg bygning og tilbygg dei to generasjonane tilbygg skal saman stå fram som ei eining i farge- og materialbruk, men ei planlagd betongrehabilitering av opphavleg tilbygg har gjort at ny fargesetjing av tilbygget må vente
Bygningen inneheld eit dramarom med tilhøyrande grupperom i underetasjen og 1. etasje, og kontor med tilhøyrande møte- og pauserom i 2. etasje.

- I sum har vi fått eit moderne bygg, både estetisk og funksjonelt. Samla sett veldig bra også når vi ser at både kostnadskalkylene og tidsfristane heldt. Vi har hatt ein konstruktiv prosess med god kommunikasjon og eit godt samarbeidsklima i byggeperioden , sa Berit Skarholt før ho leverte den symbolske nøkkelen over til underdirektør Arne Hovden i Utdannings- og forskingsdepartementet.

Nye utfordringar
Arne Hovden kom inn på dei mange nye utfordringane i kjølvatnet av den siste reforma for høgare utdanning i Noreg i talen sin.
- På eit etatstyremøte i Molde sist onsdag fekk HVO mange godord frå Utdannings- og forskingsdepartementet for korleis alle avdelingane ved høgskulen har gripe fatt i dei nye reformene og fått dei behandla, sa Arne Hovden. Den nye internasjonale gradstrukturen med bachelor og mastergrad er allereie innført ved mange studium ved HVO. Og i Stortingsmelding 16 vart det sist veke fatta viktige vedtak om ny utforming av lærarutdanninga, som skal føre til at vi på sikt kan utdanne mellom dei beste lærarane i verda. Men alle reformene seier ingenting om ytre rammer og kva betydning det vil seie for miljøet å ha ny bygningsmasse på studiestadane våre. Det går på det sosiale miljøet til studentane våre. I ein undersøking som vart gjennomført hausten 2001, ser vi at det sosiale og trivselen mellom lærarstudentane i Volda var svært høg. Denne undersøkinga var før det nye byggesteget var teke i bruk. Og med den flotte dramaframsyninga ” Som du vil” friskt i minne, ser vi at dei fysiske tilhøva er tilstades for auka studiekvalitet og trivsel, sa underdirektør Arne Hovden i Utdannings- og forskingsdepartementet.

stavhov

Den endelege, symbolske nøkkeloverleveringa var frå Arne Hovden til rektor Gunnar Stave ved HVO.

Marknadsføring og mobilisering
- Byggeprosjektet har vore forankra i å behalde Kaarstadbygget som eit særmerkt bygg for Volda og HVO, fortalde Gunnar Stave. Vi har lukkast i betre relasjon mellom det gamle og det nye bygget. Resultatet er glimrande! Og desse lokalitetane kjem i grevens tid når vi tenkjer på stortingsmeldinga om ny lærarutdanning som nett er vedteken. Absolutt bra timing! Lærarutdanninga har vore grunnpilaren ved HVO, og det er viktig å oppfylle intensjonane i Stortingsmelding 16. Likeeins er det viktig å marknadsføre oss slik at HVO greier å mobilisere dei kreftene som skal til for at vi skal få utnytte dei positive haldningane, sa Gunnar Stave.
Rektor Stave takka så Utdannings- og forskningsdepartementet, Statsbygg og elles alle som hadde vore involverte i byggeprosessen. Ei spesiell takk retta han til prosjektleiar Rigmor Leirvik i Statsbygg og tidlegare høgskuledirektør Jan Driveklepp for eit framifrå arbeid.

Viktig dag på Sunnmøre
Fylkesmann Ottar Befring meinte det var viktig å byggje voll mot sentraliseringa.

bef2
- Ein kan få inntrykk av at alt som skal skje av viktige ting, må skje i byane. Dette er eit inntrykk som det ser ut til har festa seg i samfunnet. I så måte er dagen i dag ein veldig viktig dag i fylket vårt, sa Befring. I dag har vi to store gledelege hendingar i distriktet vårt. Hurtigruteskipet ”Finnmarken” vart i dag overlevert frå Kleven i Ulsteinvik, og HVO har offisiell opning av nytt tilbygg/ påbygg. No gjeld det å fylle nybygget ved HVO med nyttige ting. Skulestaden Volda har ein unik posisjon i konkurransen om studentane, nemleg tradisjon.

"Det kan ikkje bli verre enn det er…"
Det historiske tilbakeblikket var det tidlegare rektor ved Lærarhøgskulen, Per Myklebust som stod for. Myklebust var tilsett ved lærarskulen i 37 år og kunne trekke klare parallellar mellom påbygget til Kaarstadhuset i 1982 og det nye tilbygget anno 2002.
- Det var strid om tilbygg til Kaarstadhuset også i 1982, fortalde han. Men den gongen var ikkje høgskulen innblanda, vi hadde berre kontakt med arkitekten i Ålesund. Det som var viktig, var å få fram eit bygg som kunne tilfredstille behovet vårt, men som samstundes ikkje kom i konflikt med gamlebygget. Etter at teikningane var ferdige, kom kommunen på bana og fortalde mellom anna at bygget var så stygt at dei ikkje ville gje oss byggeløyve. Etter mykje om og men, fekk vi til slutt byggeløyve med klausul om at det ikkje skulle kome noko påbygg i framtida, sa Per Myklebust. Dette er i dag historie, men då det for nokre år sidan vart snakk om nytt tilbygg til Kaarstadbygget fekk vi debatten om att i lokalsamfunnet. Denne gongen fekk vi også tilslutt klarsignal frå kommuna. Og eg kan ikkje anna enn å seie meg einig meg vedkomande som uttalte seg om saka i avisa Møre: "Det kan ikkje bli verre enn det er…"

permykle
Nybygget frå 1982 er nesten usynleg i dag, og det nye tilbygget dreg ikkje blikket vekk frå Kaarstad-huset,meinte Per Myklebust.

- Sjølv er eg mest glad i auditoriet og det nye dramarommet i tilbygget. Under den flotte dramaframsyninga i dag, følte eg meg sett attende til dramaglansåra ved Lærarhøgskulen på 1950-60 talet, avslutta Per Myklebust.

Kva hadde Volda vore utan høgskulen?
Ordførar Knut Bere var også innom striden som oppstod kring tilbygget i helsingtalen sin.
- For mange i voldasamfunnet var dette ei kontroversiell sak. Det vart ein vanskeleg balansegang i redsle for å øydelegge Kaarstadbygget sin utsjånad, sa han mellom anna.
- Gjennom byggeprosessen vart alle delaktige, men synfaringane dempa den verste kritikken. Nybygget i dag er ein god og fin tilvekst til lærarskulen vår. Resultatet gir HVO utviklingsmoglegheiter både for utdanning og forsking. Eg er imponert over dei rasjonelle, lyse og vakre romma i bygget. Og eg er glad for at høgskulen inviterer bygdefolket til skulen ved konsertar og teaterframsyningar, sa Knut Bere. Ivar Aasen - bygget er neste byggesteg ved HVO. Volda kommune er allereie i dialog med Statsbygg, og vi er innstilt på samarbeid til beste for alle partar.

Ikkje så gale at det ikkje har vore godt for noko
Ein sentral person i arbeidet med det nye tilbygget var tidlegare høgskuledirektør Jan Driveklepp.

driv2
Det har vore ein fantastisk dag, og eg synes at bygget både er fint,funksjonelt og estetisk avpassa, sa Jan Driveklepp fornøgd.

- Dette har vore eit litt spesielt prosjekt. I 1995 fekk vi ei startløyving både til Berte Kanutte bygget og ombygging/ påbygging av Kaarstad huset. Dette var definert som Berte Kanutte, byggesteg I og II. Utgangspunktet for byggesteg II var eit prosjekt kostnadsrekna til 11 mill. kroner. Den totale sluttsummen viser at vi har fått 25 mill.kroner. Byggesteg II, som vi opnar i dag, har vore eit spennande prosjekt der det var viktig å skape balanse til å få eit funksjonelt bygg, samstundes med tilpassing til den gamle bygningsmassen, og særleg Kaarstad-huset frå 1922, fortalde Driveklepp. Byggeperioda var ein tidkrevjande prosess. Det vart tidleg ei prinsippsak og det gjorde det vanskeleg å finne raske og smidige løysingar. Det som sleit mest, var både den interne og særleg den eksterne diskusjonen, som til tider skapte ei amper stemning, og var vanskeleg å fordøye. Vi trong diskusjon for å få arbeidet til å gå framover, men her gjekk det i lengste laget. Men i ettertid ser vi at dei som klaga, har vore med på å gjere byggesteg II til eit flott bygg.

to
Ein fantastisk flott dag. Imponerande og inspirerande for oss å sjå gleda til brukarane av nybygget,sa Berit Skarsholt og Rigmor Leirvik frå Statsbygg.


Mange helsingar og fine gåver
Hovudentreprenør for nybygget var Veidekke, og Hans Fjelldal frå firmaet overrekte bilete " Con Amore" av kunstnaren Kjell Stig Amdam. Eit måleri med klare relasjonar til drama og scenekunsten. Gratulantane stod nærast i kø med gratulasjonar og gåver. Mellom anna ein nydeleg krystallvase og bilete laga av kunstnarane Tove Stavem reite og Sylvi Aambø.

anngu
Anne Øie og Gunnar Stave beundrar nokre av gåvene.

Profesjonell innsats
Elevar frå blomsterdekorasjonslina ved Ørsta vidaregåande skule hadde laga blomsterdekorasjonane som pryda festborda i går. Og festmiddagen og servering av denne, var det elevar på kokkelina ved same skule som stod for. Absolutt ein innsats som det står respekt av, og som vart glimrande utført av alle.
















Del på